Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
ansatte på kvinneposten

Rusmedisin Tertnes, Kvinneposten

Kvinneposten tilbyr frivillig behandling til rusmiddelavhengige kvinner. Kvinneposten er samlokalisert med Familieambulatoriet.

Kvinneposten er ein post med 15 døgnplassar.
Her jobbar vi tverrfagleg og miljøterapeutane har ulike utdanningar og bakgrunn  som vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, erfaringskonsulent m.m. I tillegg er det lege, psykologar, musikkpedagog, sosionom, treningsterapeut og kunstterapeut knytt til posten. 
Behandlinga du vil få bygger på tre hovudpilarar; miljøterapi, treningsterapi og gruppeterapi. Vi har også tilbod om kunstterapi, mindfulness og yoga. 


Som pasient ved Kvinneposten omgås du både medpasientar og miljøpersonale dagleg. Det er eit tett behandlingsprogram som strekkjer seg frå kl. 08:00-17:00 alle kvardagar.
På ettermiddagar og helger kan du ha treningsturar utanfor institusjonen. Dette blir avtalt med personalet. På fritida vil vi oppfordre deg til å utforske interesser og aktivitetar som kan bidra til å skape positiv endring i livet ditt. Personalet kan hjelpe deg med å finne fram til eigna aktiviteter som samsvarer med interessene dine.

I miljøterapi er fellesskapet med medpasientar det viktigaste. Miljøterapi består blant anna i felles ansvar for matlaging, orden og andre aktivitetar som er vanlege i eit daglegliv. For mange er det også viktig å få etablert ein god døgnrytme.
Kvar veke er det miljømøte der forhold i miljøet kan diskuterast og rettast opp i. Dette er ein viktig arena, der du som pasient kan gi tilbakemeldingar på forhold som er viktige for deg, av både positiv og negativ art.

Kvar pasient får utnemnd ein av miljøpersonalet som sin kontaktperson. Dette blir din viktigaste støtteperson under opphaldet. Saman med kontaktperson og behandlar utarbeider du behandlingsplanen din.

Å vere i fysisk aktivitet er terapeutisk både for kropp og sjel. Det dempar uro, abstinenssymptom, angst og depresjon. Det blir forventa at du deltar i aktivitetar, og om du treng særleg tilrettelegging vil du kunne få kontakt med seksjonen sin treningsterapeut som vil hjelpe deg å delta på ditt nivå.

Mindfullness, eller oppmerksamt nærvær, er ein teknikk som har vist seg veldig nyttig for meistring av psykisk uro og russug. Vi har tilbod om daglege, korte mindfullness-øvingar for dei som ønskjer dette.

Vi tilbyr individuell rettleiing/undervisning i forskjellige kunstteknikkar og musikk.

Frå starten av opphaldet ditt ved Kvinneposten vil du delta i gruppeterapi. Alle gruppene blir leia av to fagpersonar. Gruppeterapien er prosessorientert, som vil seie at det er eit direkte fokus på kva som skjer med deg og dei andre når det gjeld meistring av rusfridom, russug, forholdet til deg sjølv og andre. Gruppeterapeutane har fleire tilnærmingar, blant anna metodar som bygger på mentalisering, mindfullness, kognitive teoriar og motiverande endringsfokusert rådgiving. Deltaking i desse gruppene er obligatorisk.

Dette er noko du drøftar med psykologen på posten, ut frå dine behov. For nokon kan det vere aktuelt å halde kontakt med behandlaren dei har hatt før innlegging. For andre kan det vere aktuelt med nokre få samtalar med psykolog på post for å avklare målsettinga med innlegginga, for deretter i hovudsak å arbeide med kontaktperson og miljøterapeutar for å nå måla i behandlinga. For enkelte kan det vere aktuelt med kartlegging/utgreiing av psykisk helse og terapi i løpet av innlegginga.
Det er viktig at du er merksam på at det berre er lege ved posten som bestemmer kva legemiddel du kan bruke under innlegginga.

Kontakt

Telefon

Seksjonsleiar Trude Larsen

55 95 73 10

Teamleiar Emma Louice Jansdotter Håvåg

55 95 73 60

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Bygg D