Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Mann smiler

Rusmedisin Dr. Martens

Dr. Martens-bygget ligg tilbaketrukka i rolige omgivnader nydeleg utsikt over byfjorden i Sandviken. Pasientromma er store og fine, og dei fleste har eigne bad. Institusjonen tilbyr eit sunt og variert kosthald og her vert pasientane møtt av ein flott tverrfagleg personalgruppe.

Behandlinga fokuserer på å stabilisere endringane pasienten har oppnådd, samtidig som pasienten skal førebuast til å meistre eit tilvere utan rusmidlar.
 
Her møtar du erfaringskonsulenart, sjukepleier, sosionom, lege, fysioterapeut, vernepleiar, psykolog med meir

Utgangspunktet for stabiliseringsopphald kan vere behov for:

• Psykososial stabilisering i etterkant av avrusing
• Kortvarig innlegging i forbindelse med pågåande poliklinisk behandling
• Gjennomføring av opptrapping i LAR
• Kartlegging av ressursar og vanskar, i tillegg til vidare hjelp eller behandlingsbehov

Mål

Målsetting for behandling av problematisk rusmiddelbruk kan variere. Dei fleste ønskjer å avbryte uheldige rusmønster. Hensikta med behandling er å setje i gang gode endrings- og utviklingsprosessar. Kanskje ønskjer pasientane å gjere endringar i liva sine, men ser ikkje heilt korleis dei kan få det til. Sentralt i dette arbeidet er blant anna auka medvit rundt rusproblemets uheldige innverknad på ein sjølv, omgivelsane, eventuell arbeidsplass og familiens situasjon.

Behandling

Behandlinga tar utgangspunkt i eiga oppleving  og problembeskrivelse. Behandlingsfokus er ofte kartlegging av omfang og symptom, i tillegg til bevisstgjering av problema og å oppretthalde motivasjon for endring. Behandlingsprosessen krev betydeleg eigeninnsats frå pasienten og ein kan gjerne seie at behandlinga er hjelp til sjølvhjelp.

Meistring
Gjennom behandlingstilboda våre ønskjer vi å leggje til rette for utforsking av nye meistringsopplevingar, og at den enkelte kan finne tilbake til eit godt daglegliv. Eit viktig fokus i behandlinga er også å leggje til rette for vidare meistring etter innlegginga. Dette kan innebere samarbeid med hjelpetiltak, utarbeiding av Individuell plan og/eller tilvising til vidare behandling.

Metode

Arbeidsmetodane våre byggjer på faglege tilnærmingar som motiverande samtale, mentaliseringsbasert terapi, kognitiv atferdsterapi, individuell jobbstøtte, sosialfagleg arbeid, treningsterapi, musikkterapi og kunnskap om avhengigheit og endringsprosessar.

Fasilitetar
 
Pasientromma er store og fine, dei fleste med eigne bad og nydeleg utsikt over byfjorden. Å ha eit sunt og variert kosthald er viktig, også i behandlingskvardagen. Våre kokkar og servicemedarbeidarar bidrar kvar dag til at pasientane våre kan glede seg til både frukost, lunsj og middag.
 
Aktivitetar
 
Vi tilbyr fleire treningsaktivitetar kvar veke, enten på eige treningsrom, eller i nærområdet med vår eigen fysioterapeut. Det er også musikkterapeut på avdelinga ein dag kvar veke.
 
Ansatte
 
På Dr. Martens blir pasientane møtt av ei flott, tverrfagleg personalgruppe. Hos oss møter du erfaringskonsulent, sjukepleiar, sosionom, lege, fysioterapeut, vernepleiar, psykolog med meir. Alle er til stades for å bidra til eit heilskapleg tilbod til pasientane våre.

 

 

Avdeling for rusmedisin handterar saker vedrørande førebuing, innlegging i institusjon etter §§ 10-2 og 10-3 i Helse- og omsorgstenestelova (HOL). AFR koordinerar også vidare frivillig behandling eller bidreg til en evaluering av opphaldet i lag med pasienten og kommunen.

På Rusmedisin, Tvangsposten vert pasientar innlagd utan eige samtykke (tvang) etter §§ 10-2 og 10-3 i helse- og omsorgstjenesteloven (HOL), kor andre frivillege hjelpetiltak ikkje er formålstenlege eller tilstrekkelege.