Pasientrettar og samhandling
Pasientar som har fått innvilga rett til prioritert helsehjelp får samtidig ein juridisk bindande frist for når helsehjelpen (behandlinga) skal være starta.
Klage på behandlingsfrist
Om du ikkje er einig i vurderinga eller fristdatoen du har fått frå sjukehuset, det vil i dei fleste tilfelle seie Avdeling for rusmedisin, kan du be om at di tilvising vert vurdert på nytt. Om dette blir avvist, kan du klage til Helsetilsynet ved Statsforvaltaren i Vestland.
Førebygge brot på behandlingsfrist
Dersom Avdeling for rusmedisin ikkje klarar å tilby behandlingsplass innan den oppgitte fristen, kan pasienten ta kontakt med HELFO pasientformidling.
Når HELFO får bekrefta at Avdeling for rusmedisin ikkje kan tilby behandling innan fristen, vil HELFO finna ein behandlingplass for pasienten innan to veker.
Kostnadane for opphald på institusjonplassar gjennom HELFO vert dekka av Avdeling for rusmedisin. Reisekostnadar vert dekka av Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen.
Sikre gode pasientforløp
For å sikre best mogleg pasientforløp søkjer avdelinga samarbeid med tilvisar og andre ansvarlege rundt pasienten. Det vil seie å lage sammanhengande tenester mellom første- og andrelinjetenesta (kommune og tverrfagleg spesialisert rusbehandling).
Oversikt over gjestepasientbudsjettet
Avdeling for rusmedisin har budsjettansvar for desse pasientane og fører oversikt over gjestepasientbudsjettet.
Rettar, val og moglegheiter
Sjukehuset ønskjer at du som pasient og dine næraste skal få god informasjon, hjelp og rettleiing til å leve best mogleg med sjukdommen, skaden eller tilstanden din. Rettar, val og moglegheiter - Helse Bergen HF