Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Behandlingstilbod i AFR

Tverrfagleg spesialisert rusbehandling inneber at sosialfagleg, psykologfagleg og medisinskfagleg personell på spesialistnivå skal samarbeide i behandlinga av ruslidingar.

Både sosialtenesta, helse- og omsorgstenesta og legen til kommunen kan visa deg til tverrfagleg spesialisert behandling. Det er ulike nivå og behandlingstilbod: poliklinisk behandling eller døgnbasert behandling for rus og avhengnadslidingar.
 
 
Behandlingstilbodet i AFR er retta mot pasientar som har problem med alkohol, narkotika, vanedannande legemiddel og speleavhengigheit.
 

 

Kommunen skal ha tilbod om døgnopphald for helse- og omsorgstenester til pasientar og brukarar med behov for akutthjelp. Dette tilbodet har ofte nemninga kommunale akutte døgnplassar (KAD), og er også tilgjengeleg for personar med rusmiddelproblem.

 

                      .
Spelavhengnad Norge har sjølvhjelpsgrupper for speleavhengige og pårørande kvar veke i Bergen, og alle tilbod er gratis for ramma.                          .
Spelavhengnad Norge

Hjelpetelefon er 477 00 200.

 

 

Dersom pårørande utviklar ei psykisk liding som følgje av å vera pårørande til ein person med rusmiddelproblem, skal dei visast til psykisk helsevern for utgreiing og/eller behandling.
Helsedirektoratet- nasjonalt pasientforløp

 

Tilbod for pårørande i Kanalveien 5

Gratis drop-in-tilbod for pårørande
Tidspunkt:
onsdagar, klokka 16.00–18.00
Sted: Kanalveien 5

Her kan du som pårørande treffa fagpersonar frå Helse Bergen og pårørande frå Ivareta Bergen

Følg Ivareta Bergen på Facebook

En benk står ubebodd;
Foto: Colourbox.com

 

 

 

Sist oppdatert 26.07.2024