Rehabilitering
Rehabilitering ved Revmatologisk avdeling er eit tverrfagleg samansett tilbod der pasienten sine eigne mål står i sentrum.
Før rehabiliteringsperioden startar, vert alle pasientar oppmoda til sjølv å formulere mål for rehabiliteringa, med utspring i dei utfordringar som pregar kvardagen. Med bakgrunn i måla og faglege vurderingar, vil ein planleggje rehabiliteringa og setje saman passande tiltak. For å oppnå måla er det viktig med aktiv deltaking. Mål og tiltak vert evaluert undervegs, og ved avslutning av rehabiliteringa.
I rehabiliteringa vil fleire faggrupper vere involvert.
Aktuelle faggrupper er lege, sjukepleier, hjelpepleier, ergoterapeut, fysioterapeut, sosionom, farmasøyt og andre helsefagarbeiderar.
Rehabiliteringa kan skje ved sengepost, dagpost eller poliklinikk. Kvar rehabiliteringa skal skje, vert vurdert på førehand.
Med utgangspunkt i mål og vurdering/undersøking har dei ulike faggruppene fokus på følgjande:
Lege: Informasjon om sjukdommen, behandling og forløp.
Sjukepleier: Informasjon om sjukdommen, mestring, kosthald, søvn, samliv
Ergoterapeut: Mestring av daglege aktivitetar, handfunksjon, Trøtthet, arbeid.
Fysioterapeut: Smertemestring, fysisk aktivitet.
Sosionom: Forhold ved arbeidlivet, stønadsordningar
Farmasøyt: Informasjon om legemiddel