Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
personalet

Fysikalsk medisin og rehabilitering - sengepostar

Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) har to sengepostar med til saman 33 døgnplassar. Ulike skadar og sjukdommar kan vere bakgrunn for innlegging. Felles er at pasientane treng spesialisert rehabilitering eller tverrfagleg kartlegging. Avdelinga har regionalt ansvar for tidleg rehabilitering etter alvorleg traumatisk hjerneskade.

Dei fleste pasientane vert overført frå akuttavdeling tidleg i forløpet. Sengepostane har legespesialistar i Fysikalsk medisin og rehabilitering med høg medisinfagleg kompetanse i tillegg til kjernekompetanse innan funksjonsvurdering og rehabilitering.

Spesialisert rehabilitering handlar om å kunne handtere eit bredt spekter av problemstillingar som stiller store krav til eit høgspesialisert tverrfagleg team. I sengepostane samarbeider inntil åtte ulike faggrupper tett og strukturert rundt den enkelte pasient.

Vårt mål er å legge eit godt grunnlag som støttar pasientens vidare betringsprosess med tanke på best mogeleg funksjons- og meistringsevne, sjølvstende og deltaking sosialt og i samfunnet. Rehabiliteringsforløpet vil fortsette i kommunen etter utskriving frå AFMR. 

  • Legespesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering
  • Nevropsykolog /Klinisk psykolog
  • Sjukepleiar
  • Hjelpepleiar / Helsefagarbeidar
  • Ergoterapeut
  • Fysioterapeut
  • Musikkterapeut
  • Logoped
  • Sosionom

 

Heilskapleg rehabilitering

Heilskapleg rehabilitering har fokus på pasientens totale livssituasjon. Områder som familieliv, kvardag, livskvalitet og psykisk helse er områder som kan bli påverka av skade.

Tverrfagleg rehabilitering

Tverrfagleg tilnærming med team beståande av ulike faggrupper bidrar til å belyse og betre pasientens livssituasjon.

Målstyrt rehabilitering

Under eit rehabiliteringsopphold arbeider ein mot mål. Behandlingsmåla vert utforma samarbeid mellom pasient / pårørande og det tverrfaglege teamet.

Kontakt

Telefon

Telefon Post 1

55918480 / 55918481
Telefaks: 55 91 84 01

Telefon post 2

55918426 / 55918427
Telefaks: 55 91 84 01

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Nordåsgrenda 4
5235 Nordås