Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
undersøking. mann og pasient.foto

Radiologisk avdeling, Kysthospitalet

Radiologisk avdeling, KiH held til i 2. etasje på Kysthospitalet i Hagevik. Vi samarbeider tett med avdelingane her. Primært utfører vi røntgen- og CT-undersøkingar for sjukehuset, men tek også imot tilviste pasientar, hovudsakleg frå Os og omegn.

Skal du til poliklinisk konsultasjon vil ortoped på poliklinikken rekvirere dei bileta du treng. Er du tilvist frå fastlege eller andre vil me ta dei bileta som er rekvirert. Svar på undersøkinga får du hos rekvirent.

  • Skal du ta røntgen møter du ein radiograf på våre to røntgenlaboratorium.
  • Vanleg skjelettrøntgen krev som regel ingen førebuingar. Du vil bli bedt om å fjerne røntgentett materiale (metall, knappar, tjukke klede) frå undersøkingsområdet.
  • Dersom du er gravid, gje beskjed før undersøkinga.
  • Les meir om røntgen  

  • Skal du ta CT møter du ein radiograf på vår CT-lab. CT står for Computed Tomography og er ein undersøkelse som vert brukt for å framstille detaljer i indre organ og skjelett.
  • Nokre undersøkingar krev drikke av vatn og/eller kontrastvæske på førehand. Dette vil du få beskjed om frå radiologisk avdeling.
  • Ved fleire CT undersøkingar vert det nytta kontrastmiddel i blodåra for å framstille organa best mulig. I forkant av desse undersøkingane treng du ta ein blodprøve.
  • Dersom du er gravid, gje beskjed før undersøkinga
  • Les meir om CT

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Timebestilling

56 56 59 41
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Tilvising til oss

Røntgen og CT-tilvising vert sendt Kysthospitalet i Hagevik.
Les meir om tilvising til oss
sissel foran maskin.foto