Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
radiograf

Radiologisk avdeling, Generell røntgen

Radiologisk avdeling sine røntgenlaboratorium held til i 1. etasje i Sentralblokka. Undersøkelsesromma er på ulike måtar skreddarsydd dei mange typane undersøkingar vi utfører. Vi har også eit røntgenlaboratorie i Mottaksklinikken som nyttast til rask diagnostikk av pasientane som vert innlagt via Mottaksklinikken (tidlegare Akuttmottak).

Vi tek klassiske røntgenundersøkingar av skjelett, lunger og mage, samt ulike gjennomlysningsundersøkingar. Røntgenundersøkingar blir utført av radiograf, medan enkelte kontrastundersøkingar utføres av radiolog og radiograf i samarbeid. Radiograf tek bileta, radiolog er ein lege som er spesialist i radiologi og tyder bileta med tanke på funn og diagnostisering.

Haukeland Universitetssjukehus er ein universitetsklinikk og du kan difor bli undersøkt av studentar under rettleiing av radiograf eller radiolog.

Kontakt

Timebestilling

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Telefonen er ikke betjent mellom 11 og 12.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn oss i 1. etasje i Sentralblokka.

Til deg som skal til røntgen

Her finn du praktisk informasjon om røntgenundersøking hos oss.
Les meir
røntgen av legg