Radiologisk avdeling
Majoriteten av pasientar som vert innlagde på Haukeland universitetssjukehus er innom Radiologisk avdeling. Avdelinga er utstyrt med mellom anna moderne MR-maskiner, CT-maskiner og utstyr for PET. Radiologisk avdeling har ein eigen seksjon for barn og ungdom og ein seksjon for brystundersøking av kvinner (mammografi). Røntgenavdelingane ved Kysthospitalet i Hagevik, Voss sjukehus og Bergen helsehus er også ein del av Radiologisk avdeling.
Kontakt
Telefon
- Måndag 08:00 - 15:00
- Tysdag 08:00 - 15:00
- Onsdag 08:00 - 15:00
- Torsdag 08:00 - 15:00
- Fredag 08:00 - 15:00
- Laurdag STENGT
- Søndag STENGT
Telefaks
55 97 51 42Postadresse
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Radiologisk avdeling har seksjonar fleire stader på Haukelandsområdet, i Bergen helsehus, i leigde lokale ved Haraldsplass Diakonale Sykehus, på Kysthospitalet i Hagevik og ved Voss sjukehus. Sjå den aktuelle seksjonen for meir informasjon.Radiologiske prosedyrar
For å unngå at pasientar må ta dei same undersøkingane om igjen når dei går frå eitt sjukehus til eit anna, er radiologiske prosedyrar i Helse Vest standardisert. Protokollane er tekniske prosedyrar som viser korleis ein skal «køyre» MR- og CT-undersøkingar, og retningslinjene er anbefalingar for beste praksis.