Psykoseforløp
Mål i behandlinga er å oppretthalde stabil fase. Om kriser oppstår, skal tiltak setjast i verk:
1. Styrking av tiltak i kommune eller DPS i Ustabil fase - om dette ikkje er tilfredsstillande skal ein gå til:
2. Akutt fase - tiltak ved DPS eller Akutt fase - tiltak ved sjukehus avhengig av om brukaren treng frivillig innlegging eller har behov for lukka post.
Målgruppa for pasientforløpet er brukarar med alvorleg sinnsliding og med alvorleg funksjonstap.
Retningslinene gjeld for kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta innan psykisk helse i opptaksområdet til Helse Bergen HF.
Retningslinene byggjer på at kriser og akutte tiltak kan førebyggjast gjennom eit systematisk arbeid i stabil fase. I denne arbeidsfasen skal brukar, kommunehelseteneste, spesialisthelseteneste og andre viktige aktørar i pasienten sitt liv samarbeida om tilrettelegging av tiltak som styrkar brukarens livskvalitet og evne til meistring.
Teieplikt
I Prop.91 L (2010/2011) ”Lov om kommunale helse og omsorgstjenester” frå Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 10.1 er følgjande presisert:
”Etter helsepersonelloven § 25 kan taushetspliktbelagte opplysninger gis til samarbeidende personell når dette er nødvendig for å kunne gi forsvarlig helsehjelp og pasienten ikke motsetter seg det. Bestemmelsen er således ikke begrenset til organet eller etaten.”
Dersom informasjonen som vert utveksla ikkje er direkte utgangspunkt for å gi nødvendig helsehjelp, men til dømes berre for drøfting / refleksjon rundt ei pasient- /brukarsak skal samtykkeskjema nyttast.
Aktuelle dokument
Fasar i psykoseforløp
Stabil fase - ArbeidsfaseUstabil fase
Sist oppdatert 26.09.2023