Kurs haust 2024
Tyngdepunkt for Utviklingsforstyrringar hjå Skulebarn (TUS) har i oppgåve å styrke det samla behandlingstilbodet i PBU for barn og unge med autismespektertilstander og andre samansette nevroutviklingsforstyrringar. TUS hjelper med konsultasjon i oppfølging av pasientar, kurs for foreldre og fagfolk. I tillegg legg TUS til rette for kompetanseheving blant behandlarar gjennom et fagleg nettverk.
Kven er vi?
TUS er eit tverrfagleg team der behandlar har ulik fagleg kompetanse. Behandlarar i TUS jobbar saman i møter med pasientar, pårørande og kollegaer. TUS-teamet består av spesialpedagog, overlege, fagkonsulent og nevropsykolog.
Her er kursa våre
Diagnosekurs om autismespektertilstander
Sosiale historier ved sosial ferdighetstrening
Diagnoseforståelse for fagfolk
KAT-kassen i sosial ferdighetstrening
Dagsplaner for barn og unge med autismespektertilstander og andre nevroutviklingsforstyrrelser
Utviklingsforstyrrelser og psykiske helse
Sosial ferdighetstrening for skolebarn (alder 10+)
Informasjon om nevroutviklingsforstyrringar:
Utviklingsforstyrringar er ei fellesnemning som blir brukt om tilstandar som fører til forsinka eller avvikande utvikling hjå barn. Dei vanlegaste nevroutviklingsforstyrringane er autismespektertilstandar og ADHD. Mange barn og unge med nevroutviklingsforstyrringar har tilleggsutfordringar som f.eks. språkvanskar, lese- skrivevanskar, generelle lærevanskar samt motoriske vanskar. Det er stor grad av overlapp, slik at mange av vanskane kan gå på tvers av dei ulike nevroutviklingsforstyrringane.
Summen av vanskane kan føre til at barn og unge med nevroutviklingsforstyrringar kan ha betydeleg funksjonsnedsetting som det kan være vanskeleg å forstå og vite korleis kvardagen skal tilretteleggast.
Fellestrekk ved nevroutviklingsforstyrringar:
- Dei oppstår i barnealder
- Forsinka eller avvikande utvikling hjå barnet
- Vanskane vil sjeldan forsvinne eller kan behandlast, men blir heller ikkje verre
- Det er overlapp mellom tilstandane
- Genetisk disposisjon førekjem ofte, - men er ikkje alltid årsaka
Å leve med nevroutviklingsforstyrring i eit livsløpsperspektiv krev god utviklingsstøtte. Det finns ingen behandling som fjernar tilstandane. Kunnskap, tiltak og tilrettelegging kan betre funderinga og utvikling hjå barnet.
TUS sine kurs har som formål å bidra til at voksne rundt barnet får kunnskap som støtter barn og unges utvikling
Opplæringspengar til foreldre
Kven kan få opplæringspengar?
Foreldre/omsorgspersonar kan få opplæringspengar dersom dei er yrkesaktiv og har omsorg for eit barn med funksjonsnedseting eller langvarig sjukdom. Ved behov kan fleire omsorgspersonar få opplæringspengar samtidig.
Korleis søkjer ein om opplæringspengar?
Ein søkjer om opplæringspengar ved å fylle ut skjemaet: «Søknad om opplæringspenger» (NAV 09-11.08). https://tjenester.nav.no/nav-sok/?1&language=no&ord=09-11.08. Dersom ein er arbeidstakar må arbeidsgjevar sende inn skjema for inntektsopplysningar (NAV 08-30.01) til NAV. Ein er sjølv ansvarleg for at søknaden blir sendt inn.
Når kan ein få opplæringspengar?
Ein må som hovedregel har vore i arbeid dei siste fire vekene før kurset eller opplæringa samt ha tapt arbeidsinntekt. Det er eit vilkår for rett til opplæringspengar at opplæringa er nødvendig for å kunne ta seg av og behandle barnet. Ein kan få opplæringspengar dersom du får opplæring ved ein godkjent helseinstitusjon eller deltar på eit foreldrekurs ved eit offentleg spesialpedagogisk kompetansesenter. Opplæring må vare ein heil arbeidsdag i løpet av ei veke. Reisetida kan reknas med.
Kva kan du få?
Opplæringspengar blir rekna på samme måte som sjukepengar og utgjør 100 prosent av sjukepengegrunnlaget. Det er ingen arbeidsgiverperiode ved opplæringspengar. Ein får opplæringspengar fra NAV frå fyrste dag. Arbeidsgjevar kan forskuttere opplæringspengar og kreve refusjon frå NAV.
Se meir informasjon på www.nav.no
Nyttige lenkar og ressursar
Informasjon om autismespektertilstandar:
www.autismeforeningen.no
Informasjon om ADHD:
www.adhdnorge.no
Informasjon om samansatte nevroutviklingsforstyrringar, lærevanskar,
autismespektertilstandar og tilrettelegging i skulen:
www.statped.no
Informasjonsmateriell om autismespektertilstandar for foreldre og fagfolk:
www.spiss.no
Informasjon til barnet om ulike nevroutviklingsforstyrringar:
https://nrksuper.no/serie/saann-er-jeg-og-saann-er-det
Samtaleverktøy for behandlare:
www.autismeplakaten.no
https://www.oslo-universitetssykehus.no/fag-og-forskning/nasjonale-ogregionale-tjenester/rhabu/samtaleverktoy-om-utviklingshemmin