Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et rom med bord, stoler og en sofa

Ambulante tenester

Ambulante tenester tilbyr barn og unge med psykiske vanskar heimebasert behandling, i samarbeid med den lokale poliklinikken for barn og unge med psykiske vanskar (BUP).

Alle barn som får eit tilbod frå Ambulante tenester har allereie eit tilbod frå poliklinikk eller døgnavdeling. Behandlar på poliklinikk eller ved døgnavdeling tek kontakt med Ambulante tenester.

Ambulante tenester gir tilbod til barn og unge i alle kommunane i Helse Bergen sitt opptaksområde med unntak av Voss og Betanien BUP.

Vi reiser heim til dykk som har ein psykisk liding (0-18 år) med samansette vanskar og dykkar familie, og som ikkje greier å kome til BUP. Du kan ha prøvd mykje, men tykkjer ikkje det har hjelpt og ynskjer ikkje eit opphald på ein av sengepostane våre. Vi kan og kome heim til dykk i ein periode medan de ventar på plass til innlegging i ein av postane våre. 

Vi kan tilby kortvarig oppfylging etter du er skriven ut frå ein sengepost. Dette kan skje mest på dag, men kan nokon gonger dersom situasjonen krev det kan vi tilpasse oss og jobbe ettermiddagstid.

Vår målgruppe er barn og unge med psykiske lidingar som:

  • Ikkje kan nyttiggjere seg poliklinisk behandling
  • Har prøvd ut det meste utan at det har hjelpt, og der ein ikkje ønskjer innlegging i døgnavdeling

  • Heimebasert behandling
  • Direkte samarbeid med barn og deira familiar
  • Systembasert tilnærming til problema (samarbeid med andre instansar)
  • Fleksibilitet – vi kan vera tilgjengelege på ettermiddag og kveldstid
  • Konsultasjon og rettleiing

Vi tilbyr ein meir høgfrekvent behandling til barn og familie i krise eller i nedgang av funksjon. Varigheit inntil 4 veker. Dette er hjelp til å stabilisere «her og no» i form av ein kriseplan. Tilbodet er eit alternativ til innlegging, oppfylging etter eit kort opphald på Akuttposten for å førebyggje ny innlegging.

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge tilbyr dialektisk atferdsterapi (DBT) til pasientar mellom 13 og 18 år. Klinikken har eiget DBT-team som er ein del av Ambulante tenester. DBT-teamet behandlar i hovudsak pasientar som har vanskar med emosjonell regulering.

Dialektisk åtferdsterapi er ein intensiv poliklinisk behandlingsmetode som går over 20 veker der ein får individualterapi og kurs i ferdigheitstrening, saman med ein forelder. Målsettinga for behandlinga er "å få eit liv verdt å leve".

Allmennpoliklinikk eller sengepost (i samråd med pasientkoordinator) kan tilvise pasientar til DBT-teamet.

Psykoseteamet ved Ambulante tenester har ansvar for behandlingstilbodet til ungdom over 13 år med psykoseliding. Behandlinga blir tilpassa den einskilde pasient og familie ut i frå ønske og behov. Behandlinga er som regel langvarig (meir enn 2 år), og inkluderer utgreiing og samarbeid med skole og andre i lokalmiljøet, samtalar med pasienten, musikkterapi, undervising og rettleiing til familie og nettverk, og behandling med medisinar. For å minske belastinga på familien, kan ein tilby heimebasert oppfølging utanom ordinær arbeidstid.

Tilvising til Psykoseteamet skjer ved tilvising frå allmennpoliklinikk etter at den grunnleggande utgreiinga er gjennomført. For meir informasjon om tilbodet, ta kontakt med Ambulante tenester ved seksjonsleiar eller teamkoordinator. 

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Klinikk psykisk helsevern for barn og unge Ambulante tenester Postboks 1400 5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Ambulante tenester held til i Glasblokkene, Blokk 1, 3. etasje i Haukelandsbakken 15. 

URO - ung rusoppdagelse

På tide å snakke om det? Vi har erfaring i å snakke med unge om rus. Ta kontakt med oss i URO-teamet før utfordringane blir for store for deg.
Stresser du ned med rus?
URO