Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Regionalt senter for sansetap og psykisk helse

Regionalt senter for sansetap og psykisk helse, RSSP, Helse Vest vart etablert for vaksne i 2009. RSSP er eit poliklinisk tilbod til vaksne med høyrselshemming, synshemming eller dobbelt sansetap og samtidig psykiske vanskar. Senteret er eit psykiatrisk tilbod innan spesialisthelsetenesta og er organisert under Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen. Tilbodet gjeld likevel for heile Helse Vest. Medarbeidarane på senteret har psykiatrisk utdanning (psykiatrisk sjukepleiar, psykologspesialist og psykiater), og har spisskompetanse på sansetap og kva konsekvensar det kan ha for psykisk helse.

Målgruppe 

  • Høyrselshemma (både døve og tunghøyrde) vaksne med psykiske vanskar Synshemmede (både svaksynte og blinde) vaksne med psykiske vanskar
  • Personar med både syns- og høyrselstap og psykiske vanskar
  • I somme tilfelle kan også nære pårørande (barn eller vaksne) til personar med høyrselshemming få tilbod

Senteret tilbyr utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske helseproblem, psykiske lidingar og psykososiale vanskar. Behandlinga kan bestå av rådgiving, samtala, psykoterapi og/eller medikamentell behandling.

Senteret kan samarbeida med til dømes NAV, rådgivingskontor for høyrselshemma i kommunen og andre instansar. Føresetnaden er at pasienten gir samtykke til dette.

Senteret tilbyr utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og unge i målgruppa. Etter behovsvurdering kan senteret tilby individuelle samtalar med barn og unge, familiesamtalar, ulike typar terapi, og dessutan nettverksarbeid med til døme skule, barnehage og andre samarbeidspartnarar. Senteret vil tilby utoverretta tenester mot heimstaden til barna.

Senteret tilbyr utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske helseproblem, psykiske lidingar og psykososiale vanskar. Behandlinga kan bestå av rådgiving, samtale, psykoterapi og/eller medikamentell behandling. Senteret kan samarbeide med til døme NAV, rådgivingskontor for høyrselshemma i kommunen og andre instansar. Føresetnaden er at pasienten gir samtykke til dette.

Tenestene blir tilbodne i størst mogleg grad ved hjelp av den kommunikasjonsforma som pasienten føretrekkjer. Det kan vere teiknspråk, teikn til tale, bruk av tolk, tydeleg tale, bruk av tekniske hjelpemiddel. Vi kan også tilby bistand til samarbeidspartnarar i forhold til vaksne med syns- og/eller høyrselshemming. Dette kan mellom anna vere:

  • Assistanse til utgreiing og behandling av pasientar med sansetap.
  • Rettleiing om konsekvensar av høyrselstap og synstap.
  • Rettleiing om bruk av teiknspråktolk i terapi.
  • Nasjonal behandlingsteneste for sansetap og psykisk helse (NBSPH) i Oslo vil bli trekt inn i saker der utvida kompetanse trengst.

 

Senteret tek i mot tilvisingar frå lege eller psykolog. Følgjande informasjon er ønskjeleg ved tilvising:

  • Ei orientering om kva ein ønskjer hjelp til, bakgrunnen for problemet og audiogram.

 

Postadresse vaksne:

Haukeland universitetssjukehus
Kronstad DPS
Regionalt senter for høyrsel og psykisk helse
Postboks 1400
5021 Bergen

Kontaktperson: Kristin Opedal, overlege og spesialist i vaksenpsykiatri
E-post: kristin.opedal@helse-bergen.no
Telefon: 55 95 60 00 | 48 14 76 83

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Oppmøtested for voksne: Kronstad DPS, Fjøsangerveien 36, ved Danmarksplass i Bergen. 

Oppmøtested for barn og unge:  BUP Fana, Fusa og Austevoll på Nesttun, Østre Nestunvei 20. 

Logg inn for å endre time