Erfaringspanel - psykisk helse og rus
Brukarane av våre tenester har levde erfaringar som helsevesen, brukarar og pårørande treng. Vi har eit eige erfaringspanel for psykisk helse og rus som ivaretar at erfaringskompetansen til brukarar og pårørande blir høyrd.
Kva er eit erfaringspanel?
- Rådgivande organ for divisjonen
- Medlemmane representerer si eiga erfaring, og ikkje nødvendigvis ein organisasjon
- Brukarane må sjølve få vere med å utforme korleis brukarmedverkinga bør sjå ut
- Tar i mot innspel frå brukarar og pårørande, og bringar det vidare
- Formidlar erfaringskompetanse
- Set fokus på sentrale problemstillingar i psykisk helsevern
- Deltar i grupper og prosjektarbeid
- 18 medlemmar, divisjonsdirektør og sekretær
Korleis jobbar vi?
- Erfaringspanelet jobbar med sakar knytt til tenesteutvikling der klinikkane har behov for direkte tilbakemelding frå pårørande og pasientar med eigenerfaring.
- Det betyr at brukarane sine stemmer blir tilgjengelege for dem som leiar det daglege arbeidet i divisjonen.
- Våre erfaringar med systemet kan bidra til endringar og utvikling av tenestene.
- Vi ønsker å vere ein samarbeidspart for betre tenester, og vi kan samla tilby ein «erfaringspool» med ulike erfaringar til ulike formål.
Lurer du på noko? Kontakt oss!
Ove Vestheim
Leiar, Erfaringspanelet
Hans Olav Instefjord
Direktør, Divisjon Psykisk helsevern
Christian Ohldieck
Avdelingsdirektør, Avdeling for rusmedisin
Sist oppdatert 29.06.2022