Revmatologisk seksjon med Hudavdelinga, Seksjon for smertebehandling og Terapibassenget
Seksjonsleiar:
Liv Marit Mørkve Holst
Telefon: 55 97 73 03/ 55 97 54 40
liv.marit.moerkve.holst@helse-bergen.no
Bemanning:
Revmatologisk seksjon: 4,8 stillinger
Seksjon for smertebehandling: 2,25
Terapibassenget: 1,2 stillinger
Kvar er vi?
Gamle Hovudbygg U. etg og 3. etg
Konrad Birkhaugs Hus, 1. etg
Hudbygget 3. etg
Vi arbeider på undersøkelsesrom, i treningssal, på pasientrom og i terapibasseng.
Arbeidsområde
I seksjonen har vi både inneliggande og poliklinisk drift. Fysioterapi skjer individuelt og i grupper.
Revmatologisk seksjon med Hudavdelinga
Fysioterapeutane knytt til revmatologisk seksjon arbeider med undersøking, behandling og oppfølging av pasientar med inflammatorisk revmatiske sjukdom i alle delar av sjukdomsforløpet.
Vi bidrar med vår kompetanse i tverrfagleg utgreiing og – rehabilitering, samt ved standardiserte pasientløp ved avdelinga. Vi tar også imot eigne polikliniske pasientar til vurdering og evt oppfølging etter henvisning frå lege ved avdelinga.
Vi er opptatt av å bidra til best mogleg fungering og aktivitet i kvardagen, og vi arbeider med tilpassing og tilrettelegging for eigen helsebygging. Vi er også opptatt av handtering av smerter og utmattelse i kvardagen.
I tillegg til pasientrelatert arbeid, er fysioterapeutane ved seksjonen aktive i pasientundervisning ved Lærings- og Mestringssenteret og undervisning og rettleiing av fysioterapistudentar på både bachelor- og masternivå ved Høgskulen på Vestlandet (HVL)
Utfyllande informasjon om Revmatologisk avdeling: Revmatologisk avdeling - Helse Bergen HF (helse-bergen.no)
Seksjon for smertebehandling
Ved poliklinikken vert det arbeidd med å vurdere og behandle pasientar med langvarige smertetilstandar som skuldast skade eller sjukdom i nervesystemet, eller smerter frå muskel-skjelettsystemet, lokaliserte eller utbreidde. Fysioterapeutane deltar i tverrfagleg kartlegging og aktiv behandling av pasientar.
Fysioterapeut og psykolog ved Smerteklinikken leiar meistringsgrupper for pasientar med langvarige smertetilstandar. Pasientar kan og få tilbud om å delta i ei bevegelsesgruppe leia av ein fysioterapeut.
Kursverksemd og undervisning av helsepersonell, studentar og pasientar er og ei av oppgåvene ved Seksjon for smertebehandling.
Utfyllande informasjon om Seksjon for Smertebehandling: Seksjon for smertebehandling - Helse Bergen HF (helse-bergen.no)
Terapibassenget
Bassenget har tilbod til inneliggande og polikliniske pasientar som ledd i spesialisert behandling. Tilbod om basseng som behandlingstiltak skjer i regi av Fysioterapiavdelinga og i samarbeid med aktuelle kliniske avdelingar.
Pasientar kan delta i gruppetrening med fysioterapeut som instruktør, eller meir individuelt tilpassa trening i basseng. Poliklinisk behandlingstilbod er avgrensa til pasientar der behandlinga i basseng er del av den spesialiserte helsetenesta. Poliklinisk drift er nært knytta til kliniske avdelingar på sjukehuset, og er ikkje eit ope tilbod. Tilvising frå lege er naudsynt.
Her finn du utfyllande informasjo om bassenget: Terapibassenget - Helse Bergen HF (helse-bergen.no)