Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ergoterapi­avdelinga

Ergoterapiavdelinga yter tenester til ulike somatiske avdelingar i sjukehuset. Arbeidsoppgåvene til ergoterapeutar er å vurdere og behandle pasientar som har utfordringar knytta til aktivitetar i kvardagen. Fagutvikling, undervisning og rettleiing av studentar inngår òg i våre oppgåver. Vi arbeider i tverrfaglege team ved sengepostar og poliklinikkar.

Ergoterapiavdelinga er organisert i Ortopedisk klinikk. Vi har 19 stillingar og yter tenester til seks somatiske avdelingar:  

  • Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk
  • Avdeling for plastikkirurgi og brannskade
  • Mottaksklinikken (Utgreiingsmottak)
  • Nevroklinikken 
  • Palliativt senter (sengepost)
  • Revmatologisk avdeling

 

Har du spørsmål til Ergoterapiavdelinga er du
velkommen til å kontakte oss på følgjande 
e-postadresse eller telefonnummer:

Avdelingssjef
Bodil Helene Stokke
55 97 50 08

Nevroklinikken

Seksjonsleiar
Silje Nødtvedt 
55 97 62 79

Revmatologisk avdeling/Plastikkirurgisk avdeling 

Seksjonsleiar
Jorunn Ellingsen
55 97 50 09  

Fagleg kontaktperson ved Plastikkirurgisk avdeling
Terese Aglen
55 97 54 60  

Kompetansestrategi for Ergoterapiavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus 2022 - 2026.

Kompetansestrategi for Ergoterapiavdeling

Dersom du ønskjer å hospitere ved Ergoterapiavdelinga, ber vi deg ta kontakt via e-post, med avdelingssjef Bodil Stokke

Kvart år tek Ergoterapiavdelinga i mot ergoterapistudentar fordelt over tre ulike praksisperiodar. Studentpraksis er regulert i avtale mellom Helse Bergen og Høgskulen på Vestlandet.
 
Praksis varer frå 7-11 veker. Før praksisperioden tek til skal studentane ha bestått e-læringskurs i informasjonssikkerheit, brannvern og DIPS-grunnleggjande journalprogram. Studentane får eigen praksisrettleiar.
 
I tillegg tek Ergoterapiavdelinga kvar haust imot studentar frå første årskull i introduksjonspraksis over 3 dagar.
 
 

Ergoterapi ved avdelingar på sjukehuset

Ergoterapiavdelinga yter tenester til ulike somatiske avdelingar i sjukehuset: Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, avdeling for plastikkirurgi og brannskade, Mottaksklinikken (Utgreiingsmottak), Nevroklinikken, Palliativt senter (sengepost) og revmato

Les meir om hva vi gjer i dei ulike avdelingane
En gruppe mennesker på et sykehus

Kontakt

Hovudnummer

Avdelingssjef Bodil Stokke 55 97 50 08

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi oppmodar pasientar å sjekke innkallingsbrev for oppmøte til poliklinikk. Vi gjer merksam på at pasientar som skal til ergoterapeut ved Skadepoliklinikken skal møte ved Bergen helsehus i Solheimsgaten 9.