Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ortopedisk klinikk

Ortopedisk klinikk driv moderne utgreiing og behandling innan ortopedisk kirurgi. Klinikken er den einaste i Helse Vest RF som dekker alle ortopediske fagområde. Vi tilbyr tenester som femner alt frå lokalsjukehus til universitetssjukehusnivå. Innan områder som skadekirurgi, ryggkirurgi, sarkombehandling, barneortopedi og leddprotesebehandling er vi blant dei leiande i landet. Vi er og engasjert i forsking, utvikling og utdanning.

 

Barneføtter med skinner. Foto

 

 

Våre einingar

Ergoterapiavdelinga

Fysioterapiavdelinga

Kysthospitalet i Hagevik

Ortopedisk avdeling

Skadepoliklinikken i Bergen helsehus


 

Einingane i klinikken er lokalisert på ulike stader. På Haukelandsområdet held deler av leiinga til i Armauer Hansens hus, mens store delar av den kliniske verksemda føregår i Sentralblokka, Augebygget (ortopedisk rehabilitering),Kysthospitalet i Hagevik og Skadepoliklinikken i Bergen helsehus:


Oversiktsbilde Sentralblokka sett fra Kvinneklinikken. Foto

Sentralblokka på Haukeland
Eksteriør Kysthospitalet i Hagevik. foto

Kysthospitalet i Hagevik
Eksteriør Augebygget. Foto

Augebygget på Haukeland
Eksteriør Armauer Hansens hus sett fra bilvei. Foto

Armauer Hansens hus på Haukeland
Eksteriør Bergen helsehus og parkeringsplass. Foto

Bergen helsehus i Solheimsviken


 

Klinikkdirektør Kjell Matre
Telefon: 55 97 57 24
Mobil: 950 38 212

Ergoterapiavdelinga
Avdelingssjef Bodil Stokke

Fysioterapiavdelinga
Avdelingssjef Else Sterndorff

Kysthospitalet i Hagevik
Sykehussjef Kari Indrekvam

Ortopedisk avdeling, HUS
Avdelingssjef Kjell Matre

  • Legeseksjonen
    Avdelingsoverlege Jonas Meling Fevang 
  • Sjukepleietenesta
    Avdelingssjukepleiar Ingrid Merete Hjelle
  • Nasjonal kompetansetjeneste for leddproteser og hoftebrudd    
    Seksjonsoverlege og professor Ove Nord Furnes
  • BioMatLab
    Forskar Paul Johan Høl

Skadepoliklinikken i Bergen helsehus
Avdelingssjef Kjell Matre

  • Nasjonal kompetansetjeneste for leddproteser og hoftebrudd 
    Leddregisteret driv løpande innsamling av data frå heile Noreg om leddprotesar, hoftebrot og korsbandsskadar.
  • BioMatLab
    Forskingsgruppa for biomateriale (Biomaterial Research Cluster) arbeider med forsking, undervising og formidling i samband med kunstige materiale som blir brukt på menneske. Dette omfattar både grunnforsking og klinisk forsking. Forskingsgruppa har breidt samarbeid med medisin og andre fagfelt.

Metodeboka er meint som eit internt verktøy for legane ved Ortopedisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus. 
 
 
Vi håpar at den også kan brukast som eit middel til kommunikasjon og informasjonsutveksling mellom ortopediske kirurgar i Noreg etter kvart som vi får vidareutvikla sidene. Vi vil prøve å svare e-postar frå kollegaer så langt som råd er, men har diverre ikkje høve til å svare på e-postar frå pasientar og pårørande. Metodeboka er på ingen måte meint som ei fullstendig lærebok, og aktuell litteratur må konsulterast i kvart tilfelle. 
 
Metodeboka er ikkje meint som pasientinformasjon
Vi åtvarar om at desse sidene inneheld ein god del bilde som for personar utan medisinsk bakgrunn kan vere sterke og virke sjokkerande.
Informasjon som hentast ned av pasientar eller andre personar utan medisinsk bakgrunn, bør gjennomgå dette med sin eigen lege.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Klinikkleiinga held til i etasje U i Armauer Hansens hus, sør for Sentralblokka på Haukeland.

Handleddsbrot: Når gips ikkje er nok

Brot i handleddet er ein av dei vanlegaste brottypane. Dei fleste brota vert behandla med gips, men nokre gonger må det meir til. Bli med inn på operasjonssalen.
#blimedinn på operasjonssalen
plate til handlegddsbrot.foto