Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nevropoliklinikk

Nevropoliklinikk er ein del av seksjon for poliklinikk og dagbehandling i Nevroklinikken og samarbeidar med både Nevrologisk avdeling og Nevrokirurgisk avdeling. Den nevrologiske delen av poliklinikken gir tilbod til pasientar med sjukdomar i hjerne, ryggmarg, nerver og muskulatur, medan den nevrokirurgiske gir tilbod til pasientar med misdanningar, sjukdom og skade i det sentrale og perifere nervesystemet.

 

Vi har ca. 20 000 polikliniske konsultasjonar årleg.

Poliklinikken har oppretta klinikkar for nokre av dei nevrologiske sjukdomsgruppene, som ALS, muskelsjukdomar og tumorpasientar. Desse klinikkane består av tverrfaglege team. Pasientane kan sjølv påverke / bestemme kven av dei ulike yrkesgruppene dei ynskjer å snakka med ved konsultasjonen.

Poliklinikken er ein lukka poliklinikk. Det vil seia at alle pasientar må ha tilvising frå lege for å få time ved poliklinikken. Mange pasientar kjem også til kontroll.

Einskilde legar som er knytta til poliklinikken har faste poliklinikkdager. I poliklinikken jobbar for tida 4 kontortilsette, 5 sjukepleiarar i deltidsstillingar og eit varierande tal med legar.

Det er alltid sjukepleiar tilgjengeleg for pasientane på poliklinikken som kan svara på spørsmål knytt til ulike nevrologiske sjukdomar eller nevrokirurgiske tilstander.

 

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
NB! Telefonen er stengt fra kl 1130 - 1230 hver dag og vil da ikke bli besvart.

Telefaks

55 97 51 64

Slik finn du fram

Oppmøtestad

For å komme til oss må du gå til Gamle Hovedbygg og til 2.etasje. Der kan du registrere din ankomst på sjølvbetjeningsautomaten eller på mobilen din.  

      Kurs og møter

      • MS-Kurs for nydiagnostiserte og pårørande
        Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.
        MS-Kurs for nydiagnostiserte og pårørande
        27.
        mars
        2025
        2 dagar
      • PHARC
        Kurset gir kunnskap om PHARC og støtte til meistring i kvardagen.
        PHARC
        Dato kjem

      Attakk-telefonen

      Menneske med multippel sklerose (MS) har oftast eit attakkprega sjukdomsbilete, med subakutte forverringar som kan vare i veker eller månader. Det er vanleg at sjukdommen gir slike utslag i mange år. Varigheita av eit MS-attakk kan forkortast med iv. methylprednisolon (Solu-Medrol) behandling.
      Les meir om Attakk-telefonen
      To smilande kvinnelege tilsette i sjukehuskorridor.