Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Team Akuttposten

Team Akuttposten tar imot pasientar som treng medisinsk overvaking og behandling etter inntak av rusmiddel, eller som treng behandling for abstinens.

Pasientane ved team Akuttposten kjem frå heile Helse Bergen uansett alder.

Vi har ein individtilpassa og tverrfagleg tilnærming til den enkelte, og er opptatt av å ikkje oversjå fysiske årsaker til pasientens tilstand.

Gjennomsnittleg opphaldstid ved Team Akuttposten er kring 24 timar (maksimal opphaldstid er 48 timar).  

Legge inn pasient i Akuttposten

Legge inn pasient i Team Akuttposten

Team Akuttposten tar berre imot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp. Innleggande lege må ringe vakthavande lege ved  Team Akuttposten for å melde pasienten og avklare om det er ledig plass.

Legge inn pasient i Akuttposten
Sykepleier i rød kittel overvåker pasient i seng

Kontakt

Postadresse

Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus
Mottaksklinikken Utgreiingsmottak 1, Team Akuttposten
Postboks 1400
5021 Bergen