Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En gruppe ansatte står på helikopterdekket. Foto

Mottaksklinikken

Mottaksklinikken tar imot pasientar som treng hjelp straks grunna sjukdom eller skade. Klinikken har ansvar for mottak av dei fleste pasientar til sjukehuset, og behandling av pasientar med kort forventa opphaldstid. Mottaksklinikken består av fem einingar: Akuttmottak, Korttidsposten, Utgreiingsmottak (UMO) 1, Utgreiingsmottak (UMO) 2 og Akuttposten.

Treng du akutt hjelp?

  • Ved kritisk eller livstruande skade eller sjukdom: Ring 113   
  • Ved mindre alvorleg skade eller sjukdom: oppsøk fastlege eller ring 116 117  for time på legevakt.

 

Les meir om einingane i Mottaksklinikken:

Akuttmottak

Akuttposten, Mottaksklinikken

Korttidsposten

Utgreiingsmottak (UMO) 1

Utreiingsmottak 2

Diagnostisk senter

Velkommen som pasient i Mottaksklinikken 

Første vurdering og ventetid i Akuttmottak 

Ut frå symptom og klinisk tilstand (puls, blodtrykk, pustefrekvens, med meir) får du ein hastegrad kort etter at du kommer til Akuttmottak. 

Pasientar med den høgaste hastegraden har behov for augeblikkeleg behandling, og vil bli tatt imot av lege og sjukepleiar straks på eige rom. Andre pasientar med lågare hastegrad kan måtte vente litt før dei får sjukepleiar og lege.  

Vidare behandling i eller utanfor sjukehuset

Pasientar som blir innlagt, blir overført til ein eining i Mottaksklinikken eller til ein spesialeining i sjukehuset.  

Om du ikkje treng innlegging i sjukehuset, blir du skrevet ut direkte frå Akuttmottak. Hvis opphaldet i Akuttmottak var kortvarig, reknast det som ein poliklinisk time. Du vil då få tilsendt ein faktura for dette i ettertid.  

Spesialistutdanninga i akutt- og mottaksmedisin (AMM) vart oppretta som ein ny spesialitet i Noreg i 2019.

AMM-legar i Akuttmottak har fokus på den første pasientvurderinga som bestemmer kva pasient som trenger å prioriterast først, startar opp nødvendig behandling, og hentar inn anna fagspesifikk kompetanse ved behov. Akutt- og mottaksmedisinarane har ein nøkkelrolle i å sørge for god flyt av pasientar gjennom akuttmottaket, og har myndigheit til å avgjere ved kva eining i sjukehuset ein pasient skal plasserast.

Rask vurdering  og betre prioritering av pasientar  gjer større grad av avklaring og ferdigbehandling av pasienter i akuttmottaket, og fører til meir korrekt plassering av pasienter til spesialeiningane i sjukehuset, samt betre pasientsikkerheit.

Mottaksklinikken har tilsett fleire spesialistar i AMM, og har eigne stillingar for legar i spesialisering i AMM (LIS 1, 2 og 3). LIS-legane får opplæring og veiledning parallelt med jobb i einingane i Mottaksklinikken.

Vidareutdanning i akuttmedisinsk sjukepleie er ein praksisnær og forskingsbasert utdanning for sjukepleiarar som ønskjer å jobbe med pasienter i den akuttmedisinske kjeda.

Utdanninga er eit toårig deltidsstudium, som skal bidra til høg vurderings- og handlingskompetanse for sjukepleiarar i møte med pasientar med akutt og/eller kritisk sjukdom eller skade, allmennmedisinske tilstander og/eller forverring av kronisk sjukdom.

Sjukepleiarar ved dei ulike einingane i Mottaksklinikken kan få dekka studieavgift og fri til undervisning for å ta vidareutdanning i Akuttmedisinsk sjukepleie.

Innan akutt- og mottaksmedisin er det vesentleg å sørgje for at kvar enkelt pasient får god hjelp og behandling til rett tid. Forsking i Mottaksklinikken skal bidra til å gi tenester med god kvalitet, som er effektive både for pasient og helsepersonell.

Les meir om forsking

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Sentralblokka, 1. etasje syd.