Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Sykepleier i hvit uniform med dialysemaskin og pasient

Seksjon for nyresjukdommar

Seksjonen har ein omfattande poliklinikk og tilknytta dageining. Poliklinikken har særleg ansvar for utgreiing og oppfølgjing av pasientar med kronisk nyresjukdom, herunder nyretransplanterte og nyredonorar. Andre viktige grupper er pasientar med hypertensjon og Fabry sjukdom.

Viktige prosedyrar som blir utført ved seksjonen er nyrebiopsiar, ultralydundersøkingar og nyrefunksjonsmålingar. 

Seksjonen har ein døgnpost: Medisinsk post 1 Nord, og dageining: Medisinsk post 2 - Dialysen. 

Sjukepleiar med spesialkompetanse er knytta til poliklinikken. Seksjonen driv pasientopplæring ved Nyreskulen, eit tilbod til kroniske nyresviktpasientar og deira pårørande. 

Seksjonen driv aktiv forsking i samarbeid med Nyreforskingsgruppa ved Universitetet i Bergen, forskinga er i hovudsak konsentrert om mekanismer for nyreskade og klinisk forløp av ulike sjukdomar basert på data fra Det Norske Nyerbiopsiregister, sjå oversikt over publikasjonar i 2012. Det Norske nyrebiopsiregister er underlagt seksjonens ansvar.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Sentralblokka

Logg inn for å endre time