Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Seksjon for klinisk ernæring

God ernæring er ein føresetnad for god helse, og kosthaldet har mykje å seie i førebygging og behandling av ei rekkje sjukdommar. Seksjon for klinisk ernæring har særleg fokus på førebygging og behandling av sjukdomsrelatert underernæring, som del av den overordna ernæringsstrategien til Helse Bergen. Kliniske ernæringsfysiologar gir kostrettleiing og ernæringsbehandling ved fleire sjukdomar som del av eller som einaste behandling. Seksjon for klinisk ernæring er ei intern teneste som tek imot tilvisingar frå kliniske avdelingar og poliklinikkar ved sjukehuset.

Vår primære oppgåve er å gje eit tilbod til pasientar og helsepersonell ved Haukeland universitetssjukehus og i tråd med ernæringsstrategien i Helse-Bergen. Vi har særleg fokus på førebygging og behandling av sjukdomsrelatert underernæring.

Vi er ei intern teneste, og tek imot interne tilvisingar for individuell vurdering av ernæringsstatus og næringsinntak og for kostbehandling.

Vi driv i tillegg undervisning av helsepersonell, studentar og pasientgrupper.

Relevante nettsider

Kontakt

Telefon

Om du kjem til telefonsvarar, legg igjen beskjed med namn og telefonnummer og du vil bli ringt opp.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Sjå innkallingsbrev og/eller helsenorge.no