Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
skopiundersøking i narkose legar i blyfrakkar ved skjerm

Medisinsk undersøking - fordøyings­sjukdommar

Vi er spesialisert i utgreiing og behandling av pasientar med gastroenterologiske sjukdommar og plager.

Vårt fagområde er endoskopisk- og ultralydbasert utgreiing og behandling av gastroenterologiske sjukdommar og plager. Dagleg utfører vi opp mot 40-50 undersøkingar.

Vi tilbyr eit bredt spekter av tenester, inkludert gastroskopi, koloskopi, endoskopisk ultralyd, gallegangsundersøking samt avanserte endoskopiske behandlingsformer. I samarbeid med medisinske og kirurgiske legar, samt barnelegar og anestesipersonell sikrar vi heilheitleg omsorg til våre pasientar.

Vi har eit vaktteam for akutte tilstandar som blødning i mage- og tarm, fjerning av framandlekam og andre hastesaker. Dei er tilgjengelege utanfor ordinær opningstid.

Avdelinga vår har eit observasjonsrom og ni undersøkingsrom, der vi følgjer eit strukturert dagsprogram for både inneliggande og polikliniske pasientar.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 07:30 - 15:00
  • Tysdag 07:30 - 15:00
  • Onsdag 07:30 - 15:00
  • Torsdag 07:30 - 15:00
  • Fredag 07:30 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Telefonen er stengd mellom kl. 11.30-12.30

Slik finn du fram

Oppmøtestad

1. etasje, nord i Sentralblokka.
Opningstider måndag-torsdag kl. 07.30-17.00, og fredag kl. 07.30 - 16.00

Logg inn for å endre time

Praktisk informasjon

Når du skal til undersøking hos Medisinsk undersøking, der vi krev tarmtømming i forkant, kan du få dette vederlagsfritt. Du må då kjøpe tømmingsmiddela på sjukehusapoteket ved Haukeland Universitetssjukehus i sentralblokka 0. etasje. Hugs å ta med innkallinga di til apoteket.

Ordninga gjeld kun hos dette apoteket. Benyttar du anna apotek, vil du måtte legge ut for tømmingsmiddela sjølv. Du kan då få igjen pengane i etterkant. Fyll ut vedlagt skjema, legg ved originalkvittering og ta det med til timen din. Du kan også sende inn ferdigutfylt skjema med kvittering til avdelinga.

Refusjonsskjema.pdf

      Jobb hos oss

      I 1. etasje heilt nord i sentralblokka finn du Medisinsk undersøking. Ei avdeling som i hovudsak driv med endoskopi. Vi undersøker og behandlar medisinske og kirurgiske pasientar, inneliggande og polikliniske.
      Jobb hos oss
      En lang gang med glassvegger