Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
To sjukepleiere i korridoren

Medisinsk post 5 vest - infeksjons­sjukdommar

Vi er ein sengepost under infeksjonsseksjonen med 14 sengeplasser som primært behandlar pasientar med infeksjonssjukdommar.

Dei vanlegaste sjukdommane vi behandlar:

  • Pneumoni (lungebetennelse)
  • Influensa, covid og andre virale luftvegsinfeksjonar
  • Urinvegsinfeksjon
  • Erysipelas og andre hud- og blautvevsinfeksjonar
  • Spondylodiskitt
  • Endokarditt  (Infeksjon på hjerteklaff)
  • Tropiske infeksjonssjukdommar
  • Tuberkulose
  • Blodforgiftning
  • Infeksjonar med resistente mikrobar

Sengeposten har to undertrykksisolat, der vi behandlar pasientar med for eksempel lungetuberkulose. I tillegg behandlar vi kritisk sjuke pasientar med blodforgiftning som har behov for overvaking, pasientar med behov for utgreiing, og pasientar med generelle indremedisinske sjukdommar. 


Avdelingssjukepleiar: Hege Cecilie Sørby.

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn oss i 7. etasje nord i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.

Besøkstider:
kl. 17.00 - 20.00 alle dagar.