Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medisinsk post 1 vest - fordøyings­sjukdommar

Seksjon for fordøyelsessjukdommar ved Medisinsk klinikk greier ut og behandlar pasientar med alle typar medisinske lidingar i mage-tarmkanalen, levra, gallevegane og bukspyttkjertelen.

På Medisin 1V behandlar vi pasientar med sjukdommar knytt til fordøyelsessystemet. Posten har 16 sengeplassar der to av sengene er overvakingssenger. Vi tar imot både planlagde pasientar og pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp. Posten er organisert i to grupper, raud og blå gruppe. På avdelinga jobbar det legar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar og postsekretærar og vi har eit tett samarbeid med fysioterapeutane, sosionomane, ernæringsfysiologane i tillegg til fleire.

Vi behandlar pasientar over 18 år med fordøyelsessjukdommar i tillegg til generell medisin. Pasientgruppa vår blir utgreidd og behandla for symptom og sjukdom frå spiserøyr, magesekk, lever, bukspyttkjertel, gallevegarr, tynn- og tjukktarm.

Legevisitt måndag til fredag er mellom kl. 09:30 og 11:00. I helgene er det ikkje eit fastsett tidspunkt for legevisitt.
Pårørande som ønsker å snakke med lege, bør helst kontakte avdelinga måndag til fredag mellom kl. 13:00 og 15:00.
Besøkstida vår er frå kl. 17.00-20.00.

Har du fått innkalling til innlegging/ time hos oss, bestiller du transport sjølv og møter på post til avtalt tid. Ta gjerne med ei oppdatert medisinliste. 

Vi er ein post med litt over 40 tilsette, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleieassistentar.
Hos oss er det eit godt arbeidsmiljø der vi har stort fokus på at alle skal ha det bra på jobb, og vi hjelper kvarandre til å levere kvalitet i pasientbehandlinga.

Det er stor variasjon i pasientgruppa vår mtp alder, funksjonsnivå, og pleietyngde. Vi har gjennomsnittleg kort liggetid, men vi har også nokre pasientar som blir liggande lenge med kompleks sjukdom. 
På posten har vi gruppesjukepleie og vi jobbar mykje i tverrfagleg team. Vi er opptatt av fagutvikling, og leiar er tett på klinikken og har kontinuerleg fokus på å utvikle posten saman med personalgruppa. Nye auge med nye idear er alltid velkomne hos oss. 


Kontakt

Telefon

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Sentralblokken 6. etasje. (Ta heisen opp ved apoteket)

 

Kurs og møter

  • Morbus Crohn
    Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.
    Morbus Crohn
    2.
    oktober
    2024
    2 dagar