Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Pasient og tuberkulosekoordinator. Foto

Tuberkulose poliklinikk

Vi driv utgreiing av pasientar som kan vere smitta av tuberkulose. Tuberkulosepoliklinikken har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar med tuberkulose og tek også del i arbeidet med smitteoppsporing rundt pasientar som har smitteførande tuberkulose.

Vi føretek utgreiing av pasientar som kan vere smitta av tuberkulose. Tuberkulosepoliklinikken har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar med tuberkulose og deltar i arbeidet med smitteoppsporing rundt pasientar som har smitteførande tuberkulose.

I Norge blir det kvart år diagnostisert 300-400 nye tilfelle av tuberkulose. Rundt 85% av tilfella er innvandrarar frå land med høg førekomst av tuberkulose. Sjukdomen smittar ved luftsmitte. Smitteførande dråpar med bakteriar blir frigjort når ein person med tuberkulose i lungene hostar, snakkar eller ler. Personar som har vore i kontakt med ein smitteførande person over tid, vil stå i fare for å bli smitta. Tuberkulose i andre organ enn lungene blir ikkje rekna for å vere smitteførande. 

Sjukdomen tuberkulose er underlagt Smittevernlova med eigne forskrifter og rettleiing utarbeidd av Folkehelseinstituttet. Etter Tuberkuloseforskrift §3-1 har følgjande grupper plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøking:

  • Personar frå land med høg førekomst av tuberkulose, som skal opphalde seg meir enn tre månader i riket og som ikkje er unnateke frå krav om arbeids- eller opphaldsløyve,  flyktningar og asylsøkjarar.
  • Personar som kjem frå eller har opphalde seg i minst tre månader i land med høg førekomst av tuberkulose, og som skal tiltre i eller returnere til stilling i helse- og sosialtenesta, i lærarstillingar eller i andre stillingar knytt til barneomsorg.
  • Andre personar som det er medisinsk mistanke om at er eller har vore i risiko for å bli smitta av tuberkulose.

Har du symptom som langvarig hoste (meir enn 3 veker), feber, nattsvette, slapphet/sjukdomsfølelse, vekttap og hovne lymfeknutar på halsen, og har hatt nærkontaktar med tuberkulose bør du ta kontakt med  fastlegen din for vidare utgreiing.

Primærundersøkinga blir utført av smittevernlege i kommunen. Tuberkulosepoliklinikken utfører vidare utgreiing ved symptom eller funn ved primærundersøkinga.

Utgreiing omfattar legeundersøking, røntgen av lungene, blodprøve (IGRA-test) og ei hosteprøve (indusert sputum).

Personar som er smitta av tuberkulose utan å ha utvikla sjukdom, seier vi har latent tuberkulose. Desse personane kan ikkje smitte andre. Det finnast likevel ein risiko for at tuberkulosebakteriane kan bli reaktiverte og føre til sjukdom på eit seinare tidspunkt. Dersom smittetidspunkt er nært i tid, ved svekka immunforsvar eller dersom andre risikofaktorar for utvikling av tuberkulose blir påvist, kan det vere aktuelt å tilby førebyggande behandling for latent tuberkulose.

Personar med aktiv tuberkulose får medisinsk behandling og oppfølging hos spesialist ved Haukeland universitetssjukehus.

Tuberkuloserettleiarar

Kontakt

Telefon

Tuberkulosepoliklinikken

55 97 40 50
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Tuberkulosekoordinator

55 97 40 74 / 95 89 05 20
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Lungepoliklinikk, etasje U i Sentralblokka (inngang vest) på Haukeland.