Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Sykepleier og pasient. Foto

Lungekreft poliklinikk

I Noreg er lungekreft (cancer pulm) den nest hyppigaste kreftforma hos menn og den tredje hyppigaste hos kvinner. Vi nyttar ulike metodar for å behandle lungekreft, avhengig av kva type lungekreft du har og kor utbredt sjukdomen er.

Ta kontakt med personale i ekspedisjonen. Dei vil vise deg vidare til laboratoriet for blodprøver. Dersom du skal ha cellegiftbehandling
går du til rom 9. Om du har en enkelt legetime vil personale i ekspedisjonen vise deg til riktig legekontor.

Du kan gjerne ha med deg pårørande. Spesielt ved legekonsultasjon kan det være nyttig å være to.

Ta vare på alle kviteringar inkludert parkering. Reiseutgifter må dokumenterast på eige skjema for at du skal få det refundert.
Skjema og stadfesting på oppmøte får du av sjukepleiar eller lege personale i ekspedisjonen. Be om dette ved slutten av din behandlingsperiode. Dersom du treng drosje til og frå behandling, må det bli forordna av lege.

Du kan bestille drosje ved å ringe til poliklinikken på telefon 55974080 eller skrive ein e-post til: lungepol@helse.bergen.no

Pasientar blir tilbode operasjon når det er mogleg å fjerne heile kreftsvulsten, dersom allmenntilstanden er god nok til å tåle ein operasjon.
Etter operasjonen er det vanleg å få time til samtale med lege etter 4-6 veker på lungepoliklinikken. Det blir da tatt stilling til om du vil trenge vidare behandling med cellegift og/eller strålebehandling.

Kva cellegift som blir gitt vil variere utifrå type lungekreft. Alle vil få eit informasjonsskriv om kva cellegift som blir anbefalt til den enkelte. Cellegift blir gitt intravenøst og det kan ta frå tre til seks timar å få ein kur. Dei fleste cellegiftkurar blir gitt poliklinisk kvar tredje veke. I denne perioden prøver vi så langt det lar seg gjere at same lege og sjukepleiar følgjer deg opp kvar gong du er inne til behandling. Når ein er ferdig med alle kurane, vil ein bli følgd opp med regelmessige kontrollar hos lege og røntgenundersøkingar.

Nokre pasientar får strålebehandling i tillegg til cellegift. Dei som skal ha strålebehandling vil få ein samtale med kreftlege først.
Før ein startar med strålebehandling må strålefeltet stillast inn. Det blir gjort i ein simulator og kan ta alt frå ½-2 timer. Kreftlegen avgjer kor mange strålebehandlingar som inngår i behandlinga.
Sjølve strålebehandlinga tek få minutt og gjennomførast vanlegvis poliklinisk. Strålebehandling blir gitt ved kreftavdelinga/parkbygget.
Biverknader av strålebehandling er avhengig av kor strålefeltet er og kjem oftast etter ei til to veker. Meir informasjon om dette blir gitt ved kreftavdelinga. Etter avslutta strålebehandling er det Lungepoliklinikken som kallar inn til vidare kontrollar.

Behandling med Tyrosinkinase-hemmare (veksthemmande) tablettar som Iressa (gefitinib) og Tarceva (erlotinib) er første val av behandling der det er påvist positiv EGFR mutasjon. Tablettane skal takast ein gong for dag. Vanlege biverknader er utslett i huda og diare. Meir skriftleg informasjon om tablettbehandling blir gitt ved oppstart. Behandlinga blir følgt opp regelmessinga med røntgen og legesjekk i lungepoliklinikk.

Lungepoliklinikken gir også symptomretta behandling. Det kan blant anna dreie seg om ”pleuratapping” (fjerning av væske frå lungehinna), blodtransfusjoner og smertebehandling.

I tida framover kommer du til å ha meir eller mindre regelmessig kontakt med vår avdeling for behandling og oppfølging av sjukdommen din. Vi prøver så langt det er mogleg at du skal få treffe same lege og sjukepleiar når du er til behandling. Vi vil gjerne at du også etablerer kontakt med fastlegen din, viss du ikkje har det allereie. Det vil fortsatt vere fastlegen som skal hjelpe deg når du treng sjukemelding, reseptar og kontroll av blodverdiar. Dette er oppgåver vi ynskjer å overlate til fastlegen din i størst mogleg grad, med mindre det gjeld reseptar for cellegiftbehandlinga. Fastlegen vil framleis vere den som følgjer deg opp for helseproblem som ikkje er direkte relatert til kreftsjukdomen. Fastlegen er også eit viktig bindeledd mellom deg og sjukehuset.
Han/ho vil bli orientert om behandlinga og tilstanden din fortløpande, og kan vere ein god støttespillar i oppfølginga av deg. Vi håpar at du har forståing for at vi ved lungepoliklinikken treng å bruke ressursar på behandling som høyrer inn under spesialisthelsetenesta, og ber deg også bruke fastlegen din ved behov. Vi vil sjølvsagt hjelpe til med sjukmelding og reseptar, dersom du av ein eller anna grunn ikkje får tak i din fastlege.


Aktuelle tilbod

Pasientar på Lungeavdelinga har ofte behov for nokon å snakke med. Vi har eigen psykolog som tek imot så vel pasientar som pårørande.

Lungeavdelinga har ein sosionom som kjenner godt ulike hjelpetilbod, gi informasjon, råd, rettleiing og hjelper til med å fylle ut aktuelle søknadar.

Haukeland universitetssjukehus har sjukehusprestar som har døgnvakt. Dei har lang erfaring med med menneske i ulike livssituasjonar, og har mykje kompetanse i å samtale med menneske i krise. Prestane kan legge til rette for rituelle og andre kyrkjelege handlingar. På sjukehuset er eit ”Stille Rom” der du kan opphalde deg om du ønskjer litt ro. Du kan følgje skilta frå inngang nord i Sentralblokka til 3 etasje. Rommet er ope heile døgnet.

Ved sjukdom kan ein få mindre matlyst enn normalt. Vekttap og dårleg ernæring kan redusera allmenntilstanden og immunforsvaret. Ein klinisk ernæringsfysiolog kan gi råd ved redusert matlyst, kvalme eller andre forhold som gjer at du får i deg for lite næring. Dei kan gi tips om mat og drikke som kan vere lettare å få i seg for dei med lita matlyst.

Utgifter til fysioterapi blir dekka for pasientar som har uhelbredeleg kreftsjukdom. Fysioterapeuten kan gi råd og rettleiing om fysisk aktivitet og trening, betre meistring av smerter, lindring av plager og lungefysioterapi.

Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp.  Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Parkbygget (vegg i vegg med Sentralblokka i sjukehusparken).

To gonger i året arrangerer Lungeavdelinga kurs for lungekreftpasientar og deira pårørande Kurset vil bli annonsert i avdelinga. Ta kontakt med sjukepleiar eller lege om du ønskjer informasjon om kurset.

Senteret ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus tilbyr behandling og omsorg til pasientar med uhelbredeleg kreftsjukdom. Senteret har sengepost, dag avdeling, palliativt ute-team og poliklinikk. På senteret er eit tverrfagleg team med lege, sjukepleiar, fysioterapeut, sosionom, prest og psykolog. Sunniva Senter har fokus på familie, nettverk og korleis ein kan meistre å leva best mogleg med sin kreftsjukdom.

Pasientar med uhelbredeleg kreftsjukdom har 60 dagar til disposisjon for nære pårørande, der NAV kompensera for tapt arbeidsinntekt i forbindelse med pleie/ivaretaking av pasienten heime. Sjukepleiaren eller lege kan informere nærmare om dette tilbodet. Nav krev ei erklæring frå lege.

Pasient- og brukarombodet i Hordaland kan gi råd og rettleiing kva rettigheiter ein har som pasient. De har teieplikt men ein kan også vere anonym. Pasientombodet kan også hjelpe til med å formulere/vidareformidle spørsmål eller klager til rett instans. Timebestilling på tlf. 55 21 80 90. Les meir på www.pasientombudet.no/fylke/6/hordaland/

Avdelinga kan hjelpe til med informasjon og oppfølging av barn som er pårørande til alvorleg sjuke. Vi kan gi råd og rettleiing til føresette/besteforeldre, samt hjelpe til med å informere skule/ barnehage og helsesøster.



Kreftforeningen 

Fleire tilbod til kreftpasientar med familie, dei kan svare på mange spørsmål angåande kreft og tilby aktuelle brosjyrer. Sjå nettsida www.kreftforeningen.no eller ring 800 57 338. 


Lungekreftforeningen 

Foreining for pasientar og pårørande


Likemannsteneste

Ein likemann er ein som enten har hatt kreft sjølv eller har vore pårørande og bruker sine erfaringar til å hjelpe andre i tilsvarande situasjon. Dei har fått grundig opplæring, og har teieplikt. Både pårørande og pasientar kan ta kontakt på telefon 406 01 205 / e-post likemann-bergen@vardesenteret.no 

Opningstider:

  • Tysdag i tidsrommet 12-14. Stad: Atriet i Parkbygget
  • Onsdag i tidsrommet 17.30–19.30. Stad: Haukeland Hotell

Montebellosenteret 

Det er eit helse- og kurssted for kreftpasientar. Senteret tilbyr aktiv rehabilitering, rekreasjon og opplæring / informasjon til kreftpasientar med familie. Søknad om opphald må gå gjennom lege. Opplysningar får ein ved å ta direkte kontakt med Montebellosenteret tlf. nr 62 35 11 00 eller lese på nettsida.


Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
På kveld, natt og helg: Sentralbord Haukeland Universitetssjukehus 55 97 50 00, spør etter vakthavande lungelege.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Lungepoliklinikk, etasje U i Sentralblokka (inngang vest) på Haukeland.