B - Prøvebehandling
Hovedtyngda av laboratoriekomponentane blir analysert i serum, men nokre komponentar krev plasma eller fullblod. For å fremstille serum og plasma må prøvetakingsrøyra sentrifugerast.
Serum og plasma skal som hovudregel* separerast frå blodcellene innan to timar etter prøvetaking. *Nokre komponentar krev speialbehandling. Sjå Analyseoversiken.no for korrekt behandling av enkeltkomponentar.
Sentrifugering og framstilling av serum
- Prøvetakingsrøyra skal stå og koagulere. Vanleg koagulasjonstid er 30-60 minutt, men nokre komponentar krev spesialbehandling. Sjå Analyseoversiken.no
- Etter koagulering skal prøvetakingsrøyra sentrifugerast. Følg anbefalingar og retningslinjer frå røyrprodusent og laboratorium for riktig sentrifugeinstilling. Sjå også informasjon om sentrifugefart. Nokre komponentar krev spesialbehandling. Sjå Analyseoversiken.no
- Gelrøyr: Hugs å kontrollere at silikongelen legg seg som ein barriere mellom blodlekamane og serum. Heile prøvetakingsrøyret skal sendast til laboratoriet.
- Røyr utan gel: Serum skal overførast til eit transportrøyr like etter sentrifugering. Pass på at blodlekamane ikkje blir overførte til det nye røyret.
- Unngå å resentrifugere gelrøyr.
Sentrifugering og framstilling av plasma
- Prøvetakingsrøyr tilsett antikoagulasjonsmiddel (EDTA, heparin, citrat) for framstilling av plasma kan sentrifugerast like etter prøvetaking.
- Røyr med gel: Hugs å kontrollera at silikongelen legg seg som ein barriere mellom blodlekamane og plasma. Heile prøvetakingsrøyret skal sendast til laboratoriet.
- Røyr utan gel: Plasma overførast til eit transportrøyr like etter sentrifugering. Pass på at blodlekamane ikkje vert overført til det nye røyret. Merk røyret med riktig type plasma (EDTA-plasma, citrat-plasma, heparinplasma).
Haldbarheit
Alt prøvemateriale har avgrensa haldbarheit, sjå Analyseoversiken.no. Ver merksam på haldbarheita ved sending over helga.
Merking og sending av prøvar
- Prøvematerialet skal merkjast, emballerast og transporterast forsvarleg til laboratoriet etter gjeldande retningslinjer.
- Prøvar som ikkje tilfredsstiller krava til pasientidentifikasjon og merking, oppbevaring eller haldbarheit, blir avviste av laboratoriet.
Handbok prøvetaking
Sist oppdatert 26.04.2024