Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tumorgenomikk

Ved Tumorgenomikk undersøker vi genetiske endringar i kreftsvulstar og har ei viktig rolle i moderne kreftdiagnostikk. Prøvesvara kan seie om pasienten har kreft eller ein godarta tilstand, ein kan spesifisere kva krefttype det er og ein kan seie noko om kva behandling pasienten har best nytte av. Det har vore ei stor auke i analysar knytt opp mot målretta behandling av visse typar solide svulstar.

Ved Tumorgenomikk nyttar vi arvestoffbaserte teknikkar, altså analysar av DNA og RNA, for å diagnostisere sjukdom.

Små mengder arvestoff blir isolert frå vevsprøver som er innsende til Avdeling for patologi. Ved hjelp av teknikken PCR kopierer vi opp det området av DNA-molekylet som er interessant, og deretter vert dette undersøkt for genfeil (mutasjonar). For å synleggjere mutasjonane nyttar vi metodar som gel-elektroforese, sanntids-PCR og DNA-sekvensering.

Arbeidet ved laboratoriet vårt er i første rekke knytt til kreftdiagnostikk. Prøvesvara kan seie noko om pasienten har kreft eller ein godarta tilstand, kva type kreft pasienten eventuelt har, og kva behandling han/ho i så fall bør få. Ikkje minst har det dei siste åra vore ein stor auke i analysar som avgjer bruk av nye, målretta medikament i behandling av visse typar svulstar.

Ved Eining for tumorgenomikk arbeidar bioingeniørar, molekylærbiologar, professor og patologar. Vi har tett samarbeid med Avdeling for patologi, og jobbar i hovudsak med følgjande problemstillingar:

  • PCR, fragmentanalysar, Sanger-sekvensering og djupsekvensering (NGS) av kreftsvulstar for å sjå på genetiske endringar på nukleinsyrenivå.
  • Multipleks digital kvantifisering (Nanostring) av RNA-uttrykk hjå kreftsvulstar for å sjå på genetiske endringar på nukleinsyrenivå.
  • Fluorescens in situ hybridisering (FISH) av kreftsvulstar for å sjå på genetiske endringar på kromosomnivå.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

7. etasje i Laboratoriebygget 
Adkomst via Sentralblokka 3. etasje. Følg gangbroen over til Laboratoriebygget.