Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gynekologisk poliklinikk

Gynekologisk poliklinikk tilbyr utgreiing, behandling og kontrollar av sjukdommar / plagar i underlivet, samt problem knytt til det å få barn og fruktbarheit.

 

Jordmor viser modell av underlivet til pasient. Foto

   

 

  • Planlagt abort
  • Blødingsforstyrringar
  • Infeksjonar
  • Infertilitet
  • Kreft i underlivet
  • Muskelknutar i livmora
  • Prevensjonsproblem
  • Spontanabort
  • Smerteproblematikk
  • Ønske om sterilisering
  • Urinlekkasje

Du må bli tilvist frå eigen lege for å få avtalt time hos oss. Når vi mottar tilvisinga, vil vi sende deg brev med dag og tid for vurdering på poliklinikken.

Abortsøkande treng ikkje tilvising, men kan ta direkte kontakt med poliklinikken for å avtale time.

Vi ønsker at du tar med deg all relevant informasjon du har om tilstanden din. Det kan til dømes vere skriv frå andre legar eller andre du har vore i kontakt med i samband med tilstanden din, oversikt over medisinar du bruker, tidlegare behandling og eventuelt andre helseproblem som kan ha ein samanheng med dei problema du har no.

Eit godt råd er å skrive ned kva du ønsker å fortelje eller spørje legen/sjukepleiaren om. Det kan ofte vere lett å gløyme ting du har tenkt på i forkant av avtalen. Ta derfor gjerne med deg ein lapp der du har skrive det ned, når du kjem til poliklinikken.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Glasblokkene, blokk 6, 4. etasje, ventesone F14