
Fødeavdelinga
Fødeavdelinga på Kvinneklinikken (KK) ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen er ei av dei største føde- / barseleiningene i Noreg. Vi har om mellom 4000 og 4500 fødslar i året. I tillegg til å vere lokalsjukehus for Bergen og omegn tar vi i mot fødande med komplikasjonar i svangerskapet frå heile vestlandsregionen.
Kontakt
Telefon
Innleggingstelefon for fødande
55 97 22 00Ring innleggingstelefonen for fødande FØR du drar til KK. Når du ringer hit, får du snakke med ei erfaren jordmor og får råd om kva du bør gjere.
Resepsjon Kvinneklinikken
55 97 42 00Telefontid kl. 07.30-21.00
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Vi held til i Glasblokkene, blokk 5 og 6
Hovudresepsjonen i 1. etasje i Glasblokkene 5-8 er open alle kvardagar frå
07.00 - 21.00, og frå 07.30 - 21.00 i helg/heilagdagar
Eit nytt samvalsverktøy gir informasjon om dei ulike smertelindringsmoglegheitene som finst i Noreg, og omhandlar også fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa.
