Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nasjonal behandlingsteneste for uavklarte smerter i ansikt og kjever

Den nasjonale behandlingstenesta tilbyr ei strukturert og spesialisert tverrfagleg utgreiing og behandling av pasientar med smerter i ansiktet og funksjonsforstyrringar (gape- og tyggevanskar) i kjevane.

Pasientar med langvarige eller intense smerter i ansikt og kjevar har ofte følgjetilstandar som forverrar og held ved like symptoma. Ei lita gruppe pasientar vil ha behov for meir omfattande og spesialisert tverrfagleg utgreiing og behandling. Tilbodet omfattar eit tverrfagleg samarbeid mellom smertemedisinsk og odontologisk kompetanse.

Kven kan tilvise 

-Behandlar ved lokale helseføretak/sjukehus (ikkje direkte frå fastlege eller tannlege)

 

Kven kan bli tilvist

  • Pasientar må vere 18 år eller eldre.
  • Smerteplagene må ha vart i minst 6 månader.
  • Pasientar med smertetilstander som har kjent diagnose (for eksempel trigeminusnevralgi) skal ikkje tilvisast her.
  • Eventuell  anna utgreiing eller behandlingstiltak  som er under utprøving skal vere avslutta før kompetansesenteret tar imot pasienten.

Sjå rettleiar for behandling av temporomandibulær dysfunksjon (TMD) på helsedirektoratet sine nettsider. Her er forslag til tiltak.
 

 

Tilvising bør innehalde 

• Framstilling av smertetilstand
• Sjukehistorie
• Oppdatert medikamentliste.
• Tidlegare og pågåande ikkje-medikamentell behandling og effekt av dette
• Pasientens motivasjon for å bli tilvist
• Psykososiale forhold, inkludert nettverk og omsorgsoppgåver
• Eventuelle pågåande eller avslutta erstatningssak pga aktuell tilstand
• Fysisk og sosialt funksjonsnivå
• Det vil være en fordel om det er lagt ved tidlegare journalnotat og eit sammendrag ved langvarige, kompliserte tilstandar. Ønskjer kopi av relevant epikrise.


Vurdering av tilvising:

Tilvisinga blir som regel vurdert ukentleg (onsdagar) på eit tverrfagleg inntaksmøte. Pasient og tilvisar vil motta eit brev når tilvisinga er behandla.
 
 

Tilvising sendast til 

Haukeland universitetssjukehus
Kjevekirurgisk poliklinikk
Nasjonal behandlingsteneste for uavklarte smerter i ansikt og kjeve
Postboks 1400
5021 Bergen

Utgreiing inneber vanlegvis fire besøk fordelt over tre til fire veker og kan omfatte bildediagnostikk, blodprøvar, konsultasjonar med kjevekirurg, bittfysiolog, smertelege, fysioterapeut og smertepsykolog. Andre behandlarar/spesialistar blir kalla inn etter behov.
Utgreiing avsluttast med ein oppsummerande samtale med pasienten og dei som har gjennomført utgreiinga. Pasienten vil da bli presentert for kompetansesenteret sine funn og vurderingar, og saman med pasienten vil vi komme fram til ein plan for ulike tiltak.


Oppfølging

Så langt som mogleg nyttar vi ulike behandlingstilbod i nærleiken av eigen bustad og du kan få tilvising til aktuelle behandlarar nær heimplassen. Vi kan også tilby behandling ved Haukeland universitetssjukehus dersom du ønsker det. Oppfølging av behandlinga vil foregå i behandlingstjenesten. Omlag 6 månader etter utgreiing vil du få tilbod om ein oppfølgingssamtale pr. telefon med en av behandlarane ved kompetansesenteret.



Slik finn du fram

Oppmøtestad

Kjevekirurgisk avdeling, poliklinikk, i Sentralblokka.