Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ambulanselærlingar

I kvardagen som ambulansearbeidar er ingen dag lik. Hos oss kan du søke jobb som ambulanselærling kvart år.

Ambulanselærling

For å vere aktuell som søkar, må du som kandidat ha følgande utdanning:

  •  Helse- og oppvekstfag VG1
  • Ambulansefag VG 2

Søkarar som ikkje har fullført og bestått VG2 frå ordinær skole kan bli vurdert under føresetnad at dei kan dokumentere bestått eksamen i programfag og fellesfag frå ovannemnde studieretning inkl. YFF før tiltreding.


Vårt opptak består av to deler

Først må ein igjennom ein fysisk test der ein må bestå for å kome vidare i opptaket. I denne testen er ikkje poenget å ta flest mulig repetisjoner, men ein må bestå eit minimumskrav.

Etter bestått fysisk test skal ein gjennom ei ringløype. Denne ringløypa er lagt opp som teambuilding, der ein går i grupper på 5-6 personar. I ringløypa skal kandidatane saman løyse logiske, faglege og fysiske utfordringar. Ein vil m.a. bli testa i bårebæring, bærestol og løping.

Under følgjer ei liste med våre minimumskrav på den fysiske testen. Det vil ikkje alltid bli testa i alle øvingane. Kva av øvingana dykk blir testa i og antall repetisjonar, vil kome på innkallinga til opptaket.

(Utheva tekst i lista syner øvingane på årets opptak)

Eksempelvis:
Planke - 60 sekundar
Armhevingar - 3 repetisjonar
Knebøy - 12 repetisjonar
Nedtrekk- 40 kg x 3 repetisjonar
Markløft - 60kg x 3 repetisjonar
Bomhev - 3 repetisjonar
Rygghev - 5 repetisjonar m/ 5kg
Mølletest - 12 km/h i 2 minutter. (Det vil kome ein løpetest på ca 2 km i ringløypa)


Her følgjer video av riktige utføringer:

 

I løpet av læretida vil lærlingen bli stasjonert i ein av våre soner, men vil ha arbeidsstad på fleire av våre ambulansestasjonar.
Avdelinga har stasjonar over eit stort geografisk område som strekker seg frå Austrheim i nord, til Austevoll i sør, frå Sotra i vest og til Eidfjord i aust.
Lærlingane følger turnus i ambulansetenesta.

Fleirtalet av våre lærlingar har ei læretid på 2 år og mesteparten av opplæringa går føre seg på ambulansestasjonen / i ambulansen.
I tillegg må lærlingen gjennomføre E-læringskurs i hygiene, praktiske kurs i avansert hjarte- og lungeredning, medikamenthandtering, eigen sikkerheit, handtering av skadde pasientar og organisering av skadestad, handtering av sjuk pasient og opptak av sjukehistorie.

Praksis og hospitering i AMK, psykiatri, aldersheim og sjukeheim, samt legevakt, vil også vere aktuelt.

Løn og arbeidstid følger gjeldande tariff.​​​

Frank Greve, fagleg leiar
Tlf: 900 90 868
E-post: frank.greve@helse-bergen.no

Minisjukehus på hjul

​Før var ambulansen først og fremst eit transportmiddel. I dag er han eit lite sjukehus i seg sjølv. Bli med inn og ta ein tit
Minisjukehus på hjul

Opplæring

AMS held kvart år vikarkurs for ambulansepersonell, og i tillegg ein heil del interne kurs for eige personell.​
Opplæring
Sist oppdatert 06.02.2023