Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fleirregional teneste for leppe-kjeve-ganespalte

Leppe-kjeve-ganespalte (LKG) er den mest alminnelege medfødde misdanninga i hovud- og halsregionen i verda. Kvart år blir mellom 100 og 120 barn fødd med ei eller anna form for spalte i Noreg. For at desse barna skal sikrast best mogeleg behandling, er behandlingstilbodet teambasert og lagt til Haukeland universitetssjukehus i Bergen og Oslo universitetssykehus.

Pasientar med leppe-kjeve-ganespalt (LKG) blir tilvist til behandlingsinstitusjonen allereie som nyfødd. Mange pasientar må følgast gjennom heile barndommen og oppveksten til dei har vekse ferdig.

På 90-talet beslutta Helsedirektoratet at behandling av leppe-kjeve-ganespalte kun skal gjerast ved to behandlingsteam i Noreg. Eit team ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen, og eit ved Oslo universitetssykehus:
 
Behandlingsteam Bergen

  • Haukeland universitetssjukehus
  • Statped vest
  • Tannhelsens kompetansesenter Vest (TKS), Senter for leppe-kjeve -ganespalte, Fylkestannlegen i Hordaland

Behandlingsprogram - Leppe-kjeve-ganespalte

Kontaktinformasjon til nøkkelpersonell - behandlingsteam i Bergen

Behandlingsteam Oslo

  • Oslo universitetssykehus
  • Statped sør-øst
     

Les meir om leppe-kjeve-ganespalte:

Temaside Leppe-kjeve-ganespalte - Statped.no

Leppe-ganespalteforeningen


Samarbeid mellom aust og vest
Dei to spalteteama samarbeider om behandlingsprinsipp og dokumentasjon i behandlinga. Teama har nært samarbeid mellom fleire faggrupper. Dei seks mest sentrale i behandlingen er plastikkirurgar, logopedar, øyre-nase-hals legar, sjukepleiarar, kjeveortopedar og psykologar.  

Det er behov for bedre kunnskap, ikke bare om tilstanden hos hver enkelt pasient, men om hele pasientgruppen som er født med leppe- kjeve- ganespalte. Registeret skal sikre dokumentasjon av behandlingsresultat for at pasientgruppa skal få best mogeleg behandling og oppfølging. Ved samling av data vil behandlerne kunne finne ut mer om tilstanden, om resultatene av behandlingen og gjennom forskning oppdage endringer som bør gjøres i behandlingsrutiner.

Norsk kvalitetsregister for leppe-kjeve-ganespalte

Kontakt

Kontakttelefon koordinator

  • Måndag 09:00 - 11:00
  • Tysdag 09:00 - 11:00
  • Onsdag 09:00 - 11:00
  • Torsdag 09:00 - 11:00
  • Fredag 09:00 - 11:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus
Kirurgisk klinikk, Avd. for plastikkirurgi og brannskade, Leppe-kjeve-ganespalte-teamet
Postboks 1400
5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Oppmøtestad vil variere etter kor ein er i behandlingsforløpet. Behandling av leppe-kjeve-ganespalte går føre seg ved fleire ulike einingar ved sjukehuset, enten ved kirurgiske einingar i Sentralblokka eller ved Barne- og ungdomsklinikken i Marie Joys' hus.

      Informasjon til foreldre og pårørande

      Dei fleste barn fødd med spalte er friske barn som utviklar seg normalt. I barneåra vil dei i større eller mindre grad ha behov for behandling, og i Noreg har vi heldigvis både god kompetanse og lang erfaring med behandling av desse barna.
      Les meir om leppe-kjeve-ganespalte
      Føtter