Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Seksjon for kolorektal gastroenterologisk kirurgi

Hos oss er vi spesialisert på normale og kompliserte forandringar av tynn-/tjukk- og endetarm. Vi utfører klinisk behandling som inkluderer alle aspekt innan colo-proctologi. Det vil seie endetarmsplager som analfistel, analinkontinens, rectumprolaps og hemoroidar.

Legeressursar

Legar ved avdelinga er etablert i kirurgiske team. Kvar veke har dei tverrfagleg tumor-konferanse med drøfting og evaluering av behandlinga som vi gir til våre pasientar. Legane samarbeider med spesialistar frå andre avdelingar og klinikkar. Kritisk sjuke pasientar blir behandla i samarbeid med intensivavdelinga. Ved komplekse operasjonar er det eit tett samarbeid med andre kirurgiske spesialitetar som urologi, karkirugi, gynekologi, ortopedi og plastikkirugi.

Stomiklinikken tar del i oppfølging av pasientar med stomi, driv bekkenbunnstrening og  ernæringsrådgjeving.

På poliklinikken har vi moglegheit for endoskopiske undersøkingar som rektoscopi, sigmoideoscopi, biopsitaking og rektal ultralyd. 

Samarbeid med andre avdelingar

Avdelinga har eit nært samarbeid med Medisinsk avdeling. Både kirurgiske og medisinske gastro-legar undersøkjer sine eigne pasientar på "Medisinsk undersøking". Her utfører dei undersøkingar med endoskop og  endoskopisk intervensjon. Avdeling for akutt –og gastrokirurgi har ansvar for å tildele timar til kirurgiske pasientar.

Diagnosegrupper vi behandlar

Kreftbehandling

  • Vondarta og godarta svulst i tjukk- og endetarm
  • Residivkirurgi
  • Diagnostikk og screening

Proctologi

  • Analfistel
  • Analinkontinens
  • Rectumprolaps
  • Hemoroidar

Inflamatoriske tarmsjukdommar

  • Morbus Crohn
  • Ulcerøs Colitt

Polypper

  • Familiær adenomatøs polypose (FAP)
  • Andre polyppsjukdommar

Divertikkelsjukdommar

Minimal invasive kirurgi

  • Endoscopi 
  • Laparoskopi

Kontakt

Poliklinikk

  • Måndag 08:30 - 15:00
  • Tysdag 08:30 - 15:00
  • Onsdag 08:30 - 15:00
  • Torsdag 08:30 - 15:00
  • Fredag 08:30 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Kirurgisk ekspedisjon i 2. etasje i Sentralblokka.