Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kirurgisk klinikk

Kirurgisk klinikk har fem avdelingar. Alle avdelingane har som hovudoppgåve å diagnostisere og behandle kirurgisk. Kvar avdeling har ei legegruppe med spisskompetanse innan sitt fagfelt.

Kirurgisk klinikk handterer pasientar frå Bergen og resten av vestlandet. Vi har dessutan landsdekkande funksjon innan behandling av brannskadar. Klinikken skal ha eit tilbod innan kirurgi til pasientar med alminnelege- og kompliserte lidingar, kreft, traume og brannskade. 

Det er totalt fire sengepostar og ei spesialeining ved avdelingane under Kirurgisk klinikk. Det inneber at fleire avdelingar har pasientar på same sengepost. Kirurgisk klinikk har alle sine sengepostar i Sentralblokka. Sengepostane er utstyrt med einerom, dobbeltrom og firemannsrom. Avdelingane disponerer ein trådlaus telefon som pasientane kan låne for å ringe ut. På sengepostane er det ei lita sittegruppe i korridoren. Kvar etasje har også ei daglegstue som kan brukast av pasientar og pårørande.

Alle pasientar som kjem til poliklinikken er tilvist av primærlege/lege eller anna sjukehus. Poliklinikken sender brev direkte heim til pasienten om tid, stad og kva undersøkingar ein eventuelt skal gjennomgå.

Kirurgisk klinikk har fem fagavdelingar med felles leiing og stab. Legetenester, pleietenester, poliklinikk og merkantile tenester er organisert einskapleg. Det er og ein sentral stab som tek seg av ulike støttefunksjonar i klinikken.


Leiing ved Kirurgisk klinikk

  • Klinikkdirektør John-Helge Heimdal

 

Kontakt

Telefon

Poliklinikk

55 97 28 42
  • Måndag 08:30 - 15:00
  • Tysdag 08:30 - 15:00
  • Onsdag 08:30 - 15:00
  • Torsdag 08:30 - 15:00
  • Fredag 08:30 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Kirurgisk mottak for planlagt innlegging

55 97 00 10
  • Måndag 08:30 - 15:00
  • Tysdag 08:30 - 15:00
  • Onsdag 08:30 - 15:00
  • Torsdag 08:30 - 15:00
  • Fredag 08:30 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Kirurgisk klinikk Postboks 1400 5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Pasientene som skal tas imot for innlegging skal møte i Kirurgisk klinikk mottak/dageining i 5. etasje i Nord/Øst i Sentralblokken.
Pasienter som skal til poliklinikk skal møte i Kirurgisk klinikk ekspedisjon i 2. etasje i Sentralblokken.


      Kurs og møter

      • Stomi - Å leve med stomi
        Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.
        Stomi - Å leve med stomi
        Dato kjem

      Til deg som skal til planlagt operasjon

      Vi ønskjer at du skal vere best mogleg orientert om det som skal skje med deg under opphaldet. Vi har derfor samla ein del informasjon til deg som skal til planlagt operasjon hos oss.
      Meir informasjon om planlagt operasjon
      Gastro_og_akuttkirurgi_operasjon4.jpg