Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
hjarte poliklinikk foto

Hjartepoliklinikken

Hjartepoliklinikken ligg i 1. etasje i Sentralblokka. Vi held på med ulike hjarteundersøkingar, både utgreiing og behandling.

Dagpasientar: Førebuingsdag; dag 1. Dette er poliklinikk for deg som skal til invasiv undersøking eller operasjon i hjartet ditt. Invasiv betyr at undersøkinga eller operasjonen vert utført via ei blodåre. Dette gjev mindre belastning på kroppen enn ein open operasjon. 

  • Ved hjarteavdelinga utfører ein mange ulike typar invasive prosedyrar:
  • Hjartekateterisering (koronar angiografi) ved utredning av brystsmerter (angina pectoris). 
  • PCI (Perkutan koronar intervensjon) - utblokking av kransåre i hjartet. 
  • Høgresidig hjartekateterisering - utredning av høgt blodtrykk i lungekretsløpet. 
  • CTO-PCI (kronisk total okklusjon) - opning av kronisk tett kransåre i hjartet.
  • PFO/ASD (persisterande foramen ovale/atrie-septum defekt) - lukking 
  • LAAO (Left Atrial Appendage Occlusion) 
  • PVL – lukking (para valvulær lekkasje). 
  • Hjarteklaffeutgreiing. 
  • Septal alkohol ablasjon. 
  • Mitraclip.

Likt for alle er at du blir kalla til forundersøkingar og informasjon dagen før, eller få dagar før, inngrepet. Dette vert kalla «Dag 1» i innkallingsbrevet. Du kan lese meir om kva som skjer denne dagen i poliklinikken her (lenke)

Poliklinikk med oppfylging og kontroll av vaksne pasientar med medfødde hjartefeil. 

Her kjem pasientar som har vært til hjartekirurgi, enten operasjon av hjarteklaffane, koronarkara i hjartet eller hovudpulsåra, til etterkontroll. Vi har og pasientar som kjem til vurdering av operasjon for misdanningar i brystkassen. 


Hjartesviktpoliklinikken tilbyr individuell oppfylging av pasientar diagnostisert med moderat til alvorleg hjartesvikt. Poliklinikken har og oppfylging av pasientar etter hjartetransplantasjon. 

Etter ein innleiande konsultasjon i hjartesviktpoliklinikken, vert pasienten vanlegvis fylgt i om lag eit år. Sjukdommens utvikling og alvorsgrad vert kartlagt. Dette inkluderer ultralyddiagnostikk, avdekking av ulike hjarterytmeforstyrringar og tilpassing av medikament. Undervisning og rettleiing knytt til livskvalitet og eigenomsorg er sentrale element i pasienttilbodet. 

Det vil og bli vurdert om det er indikasjon for utblokking av kransarteriar, opne eller kateterbaserte klaffeoperasjoner samt innlegging av pacemaker og/eller hjartestartar. Ei heilskapleg vurdering er nødvendig for å kunne tilby pasientar diagnostisert med hjartesvikt ei samanhengande behandlingskjede. 

Når pasientar har fått tilpassa sin hjartesviktmedisinering, blir oppfylginga som regel overført til fastlege. Ved behov blir nokre pasientar fylgt over lang tid, som pasientar som vert utgreia for eller ventar på hjartetransplantasjon. Enkelte pasientar vil i denne venteperioden ha behov for ekstern hjartepumpe (Left Ventrivular Assist Device/LVAD). 

Hjartesviktpoliklinikken vert administrert og drifta av spesialsjukepleiarar, fortrinnsvis med mastergradskompetanse innan fagfeltet, i tett samarbeid med hjartespesialistar. Pasientane kan tilvisast direkte frå sjukehuset, frå privatpraktiserande hjartespesialist eller frå fastlegen.

Pulmonal hypertensjon (PHT) er en sjeldan kronisk lungesjukdom. Sjukdomen vert kjenneteikna ved for høgt blodtrykk i delar av lungekretsløpet. Det er i blodårene som går frå hjartets høgre side og til lungene (lungearteriene) at blodtrykket er høgare enn normalt. Ubehandla vil PHT, på sikt, føre til hjartesvikt i den høgre delen av hjartet. Ved PHT poliklinikken møter du både sjukepleiar og hjartespesialist. 

Vi gjer delar av utredninga, behandlar og fylgjer opp pasientar med PAH. 

  • Du kan lese meir om kva som møter deg på PHT poliklinikken her (lenke kommer)
  • Du kan også lese meir om Pulmonal Hypertensjon på helsenorge.no

Hjarteklaff poliklinikken er en poliklinikk for deg med kjent sjukdom i ein eller fleire av dei fire hjarteklaffane. Dei fleste vi fylgjer opp har sjukdom i aorta- eller mitralklaffen.

  • Føremålet med undersøking hjå oss er å: 
  • få stilt riktig diagnose 
  • finne årsak og mekanismane til klaffefeilen 
  • fylgje med på utvikling av sjukdommen 
  • kartlegge og behandle eventuelle fylgjetilstander som klaffefeilen kan gi 
  • kartlegge korleis klaffefeilen påverkar deg i dagleglivet 
  • finne ut om klaffen er egna for operasjon 
  • tilvising vidare til reparasjon eller utskifting av klaffen på egna tidspunkt.

Saman med kartlegging av dine symptom er ultralyd av hjartet den viktigaste undersøkinga i utredninga. Andre undersøkingar kan og vera aktuelt. 

Oppfylging av våre pasientar vil variere frå diagnose og sjukdomens utvikling. Alt frå 6 månader til 2 år er vanleg. Ein del pasientar treng ikkje oppfølging på sjukehuset og vert følgt opp av fastlege eller ekstern hjartespesialist. 


  • Du kan lese meir om sjukdom i hjarteklaffane her (lenke kommer) 

Hypertensjonspoliklinikken er ein poliklinikk for vaksne med høgt blodtrykk (hypertensjon). I første omgang er det fastlegen som utreier og behandlar høgt blodtrykk. 

Høgt blodtrykk gjev auka risiko for hjarte- og karsjukdom. Fleire faktorar er med på å avgjere kor stor risikoen er. 

Dersom fastlegen ynskjer vurdering av hjartet ditt kan han/ho henvise vidare til oss. Dette vert gjort i tilfelle der: 

  • Ein mistenker at høgt blodtrykk har ført til komplikasjonar i hjartet. Dette kan vera komplikasjonar som forstørra hjartemuskel (venstre ventrikkel hypertrofi), atrieflimmer og/eller brystsmerter (angina pectoris). 
  • Det ein ikkje lykkast med normalisering av blodtrykket på tross av behandling med 2 ulike blodtrykksmedisinar. 
  • Pasientar som har utfordringar knytt til biverknad eller bruk av medisinar. 


Hos oss møter du sjukepleiar og hjartespesialist som vurderer blodtrykksbehandlinga di, risikofaktorar og di hjartehelse. Legen vurderer om annan sjukdom kan være årsak til, eller påverkar blodtrykket ditt. Dersom ein mistenker annan sjukdom som årsak til høgt blodtrykk vert du tilvist vidare for vurdering og behandling. 

Sjukepleiar tar EKG av deg og måler fleire blodtrykk i sitjande og ståande stilling. Legen gjer ei klinisk undersøking av deg. Det vert og gjort ultralyd av hjartet ditt. Vi gjer deg råd om livsstils endringar som kan vera med og redusere blodtrykket ditt og redusere risikoen for hjarte- og karsjukdom. Det kan bli aktuelt å endre medisinering. Desse endringane vert då gjort over tid i samarbeid med fastlegen. 

Ved behov kan ein få tilvising til CT, MR eller koronar angiografi for ytterligare utredning. Dersom ikkje 24 timars blodtrykksmåling er gjort er dette og ei undersøking som er aktuell du kan tilvisast til. 

Pasienten går vanlegvis tilbake til vidare kontrollar hjå fastlege etter konsultasjon hjå oss. Dersom det er behov for vidare undersøkingar av hjartet ditt, vert dette fylgt opp av hjarteavdelinga.

Du kan lese meir om høgt blodtrykk på helsenorge.no og helse-bergen.no (lenke kommer). 

Lipidpoliklinikken er ein spesialpoliklinikk som utgreier og behandlar personer med forstyrringar i kroppens handtering av kolesterol og andre fettstoff. Desse forstyrringane fører til for mykje fettstoff (lipid) i blodet, enten som kolesterol og/eller triglyserid. Begge deler bidrar til auka risiko for hjarte- og karsjukdomar. 

Ein viktig del av vårt arbeid er oppfylging av dei med arveleg familiær hyperkolesterolemi. 

Det vert lagt vekt på eit heilskapleg behandlingstilbod. Vi samarbeider difor tett med ernæringsfysiolog. Vårt mål er å hjelpe deg til å oppnå ynskte verdiar av fettstoff i blodet og førebyggje hjarte- og karsjukdomar.

Her kjem pasientar som skal til kontroll for pacemaker eller ICD. Lenker kommer. 

TAVI er forkorting for Transkateter Aorta Ventil Implantasjon. Det er eit inngrep der ein set inn en ny hjerteklaff ved hjelp av et kateter, via ei pulsåre. 

Behandlinga vert utført på pasientar som har alvorleg aortastenose (kalk på aortaklaffen i hjartet) med uttalte symptom, og open hjarte-kirurgi ikkje er føretrekt. TAVI er forbunde med mindre risiko enn open hjarte-kirurgi og ein kan difor tilby det til pasientar med høy alder og andre risikofaktorar etter utførlig vurdering og utredning

Her ved hjartepoliklinikken møter vi deg som pasient både før og eventuelt etter TAVI behandling. Du har fått time enten til TAVI-vurdering, TAVI/klaffe-utredning eller til TAVI kontroll. 

Transøsofagal ekko (TØE) er ein ultralyd undersøking som viser detaljar i hjartet ved hjelp av ein ultralydsonde i spiserøyret. 

ultralyd

HCM er ein arveleg hjartemuskelsjukdom som inneber at delar av, eller heile hjartemuskelen vert for tjukk. Hos mange med HCM opptrer muskelforstørringa i den øvre delen av hjarteskilleveggen og det vil kunne føre til at blodstraumen frå hjartet og ut i kroppen vert hindra. Ein kallar dette for Hypertrofisk obstruktiv kardiomyopati (HOCM). 

Hos oss møter du sjukepleiar og hjartespesialist. Du vil få samtale med lege der de snakkar om dine symptom og fysiske kapasitet. Legen vil og, saman med deg, kartlegge familiehistorikk på hjarte- og karsjukdomen. Dette er ein viktig del, då HCM er ein arveleg sjukdom. Undersøkingar av genmateriale kan difor vera aktuelt. I tillegg blir det tatt EKG og ultralyd av hjartet ditt. For mange av våre pasientar er det aktuelt å utføre ein belastningstest med oksygenopptak på ergometersykkel samtidig som ein tar ultralyd av hjartet. 

  • Du kan lese meir om desse undersøkingane her (lenker kommer)  
  • Du kan lese meir om Hypertrofisk kardiomyopati på helsenorge.no 

Hos oss har vi utgreiing av pasientar som er plaga med å besvime (synkope). 

Du møter sjukepleiar der ein har kartleggingssamtale av dine episodar der du har besvimt. Det blir tatt EKG og målt blodtrykk. Mange menneske opplev det å besvime i løpet av livet, og de fleste gongane er dette heilt ufarleg. Men for nokon pasientgrupper, slik som hjartepasientar, kan det vera farleg å besvime. Vårt mål er å finne pasientane som har ein risiko med å besvime og sette i gang tiltak her. Tiltak og råd vert gitt i samarbeid med hjartespesialist. 

For dei vi ikkje vurderer som risikopasientar er det å besvime likevel svært ubehageleg og plagsamt. Vi gir deg difor gode råd og teknikkar for å handtere og førebyggje dette. 

For nokon av våre pasientar kan det bli aktuelt å ta ein Vippetest/TILT-test som ein del av utgreiinga. 

  • Dette vil du eventuelt få eigen innkalling til. Du kan lese meir om denne testen her (lenke kommer) 
  • Du kan også lese meir om besvimelse på helsenorge.no  

Poliklinikk for pasientar med utfordringar knytt til forstyrringar i hjarterytmen. 

Annan behandling og pasientgrupper på poliklinikken

 

  • Ultralyd av hjartet – ekkokardiografi 
ultralyd


Ekkokardiografi er en ultralydundersøking av hjartet der ein kan sjå på hjartet sin struktur og funksjon, samt delar av dei store blodkara som går til og frå hjartet. Du kan lese meir om undersøkinga her

  • Ultralyd av hjerte via spiserøret - transøsofagal ekko (TØE) 
Denne undersøkinga gir betre oversikt over deler av hjartet enn det ein ser ved ultralydundersøking frå utsida av brystkassen. Vi kommer nærare hjartet og får skarpare bilde. 

Undersøkinga kan vera nødvendig i tillegg til ytre undersøkingar: 

  • Før operasjon på hjarteklaffar 
  • Finne årsaker til blodproppar
  • Sjå etter infeksjonar eller andre strukturelle sjukdomar i hjartet.
  • Undersøkinga kan og vera aktuell når det er dårlig innsyn utanfrå. 
Du kan lese meir om denne undersøkinga på (lenke kommer) 

  • Ultralyd av hjartet med kontrastmiddel (kontrast-ekkokardiografi)
Kontrast-ekkokardiografi er ultralyd av hjartet (lenke kommer) der det i tillegg blir gitt kontrastvæske som forbetrar bildekvaliteten og gjer detaljar i ultralydbileta tydelegare. 

  • Ultralyd av hjerte med medikamentell stress (Stressekko-kardiografi)
Stressekko-kardiografi er ei undersøking der vi undersøker hjartets pumpekraft og hjartemuskelens blodforsyning i kvile og ved pulsstigning.

Elektrokonvertering er ein behandling for å få tilbake normal hjerterytme. 

  • Du kan lese meir om korleis en elektrokonvertering vert gjennomført her (lenke kommer).  


  • Les meir om denne behandlinga her (lenke kommer) 
24 timers ekg_foto

  • Du kan lese meir om denne behandlinga her (lenke kommer) 

Drenasje av væske rundt hjartet. Du kan lese meir om denne behandlinga her (lenke kommer).

Her vert diverse undersøkingar gjennomført, til dømes ekko, arbeids-ekg/belastnings-ekg. Pasientane må ha tilvising her.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 1. etg. i Sentralblokka.