Hjartekateteriseringslaboratorium
Ved hjartekateteriseringslaboratoriet (kat.lab.) vert det utført undersøkingar og behandlingar i hjartet via ei blodåre i armen eller lysken. Her utfører vi prosedyrar der ein går via blodårene for å undersøke og behandle ulike hjartelidingar. Vi bruker røntgengjennomlysing i alle prosedyrar. I dei fleste undersøkingane brukar ein i tillegg røntgenkontrast.