Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Senter for simulering og ferdigheitstrening

Senteret har simulerings- og ferdigheitstrening for medarbeidarar som hovudoppgåve. Ved simulering ynskjer ein å utvikle betre praktiske ferdigheiter, handlingskompetanse og samarbeidsevne. Det er utstrakt kursverksemd ved senteret.

For å utvikle Senter for simulerings- og ferdigheitstrening i tråd med sjukehuset sine strategiar og klinikkane sine behov er det oppretta eit fagråd med brei representasjon frå potensielle brukarar av senteret.

Fagrådet blir utpeikt av fagdirektøren og består av representantar for:

  • Utvalgte brukaravdelingar, foreslått av nivå-2 leiar (Ortopedisk klinikk/Skadepoliklinikken, Mottaksklinikken) 
  • Leiar i Råd for gjenoppliving (hjerte, lunge, medisinsk, anestesi)
  • Leiar for Traumesenteret (kirurgi)
  • Representant frå Medisinsk-teknisk avdeling
  • Seksjonsleiar Seksjon for kompetanseutvikling
  • Dagleg leiar Senter for simulerings- og ferdighetstrening
  • Fagleiar (lege) Senter for simulerings- og ferdighetstrening
  • Leiar i RegUt

Kontakt

For å bestille og få tildelt rom og utstyr:

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje i Sentralblokka i nordenden av bygget (Like ved bemanningssenteret og biblioteket).

Emergency - simulation training

Vi held simuleringstrening for offshore helsepersonell. ​Målet med kurset er at du skal bli betre rusta til å handtere akuttmedisinske situasjonar på arbeidsplassen din, slik at både du og kollegaene dine får ein tryggare arbeidsdag hos STATOIL.
Les meir om kurset
En gruppe mennesker i gule jakker som jobber på en maskin