Arrangerast årleg.
Kommande kurs:
21-22-23.januar og 18-19.mars 2025
Handlar om korleis helsepersonell kan legge til rette for god opplæring og helserettleiing.
Eit kurs for deg som ønsker kunnskap om:
- Korleis fremme meistring og helse
- Planlegge og gjennomføre gode kurs
- Bli tryggare i rollen som formidlar
Tema
Kurset baserer seg på relevant teori innan psykologi og pedagogikk.
- Kva kan bidra til å leve eit rikt liv, med helseutfordringar
- Kva skal til for å motivere folk til i praksis å bruke det dei veit og kan om meistring og endring
- Kva som påverkar meistring og endring
- Korleis tette gapet mellom kunnskap og anvendt kunnskap
- Samanhengen mellom tankar, følelsar, kropp og åtferd
- Korleis bidra til gode møtepunkt, både gjennom kommunikasjon og formidling
- Samarbeid på tvers og LMS sin standard metode
Målgruppe
Tilsette fagpersonar og erfarne brukarar i spesialist- og kommunehelsetenesta som arbeider individuelt eller gruppebasert med:
- Helsefremmande og førebyggande arbeid
- Pasient- og pårørandeopplæring
- Frisklivs- og meistringstilbod
Dette er eit femdagars kurs. Tre samanhengande dagar og 1+1 oppfølgingsdag nokon månader seinare.
Påmelding via kurskatalogen til Læringsportalen.
Logg in - Læringsportalen