Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientreiser

Informasjon til pasientar

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Du kan søke om stønad til pasientreisa når du reiser til behandling som blir dekka av det offentlege. Treng du tilrettelagt transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei rekvirert reise. Avdeling for pasientreiser har ansvaret for gjennomføringa av pasientreiser med rekvisisjon i Helse Bergen sitt opptaksområde.

Kontakt oss

Om avdeling for pasientreiser

Avdeling for pasientreiser handterer reisebestillingar og koordinerer tilrettelagte reiser for pasientar og følgje. Vi gir informasjon og rettleier i tråd med Pasient- og brukerrettighetsloven om dekking av utgifter til pasientreiser. Avdelinga følgjer også opp avtalar med transportørar om køyring av pasientreiser i Helse Bergen. 

Då ønsker vi at du melder i frå til oss.

Du kan sende ei tilbakemelding til vår postadresse eller på e-post via e-dialog (for sikker sending av e-post via ID-porten)​.  Merk sendinga med "pasientreiser".
Les korleis du går fram ved bruk av e-Dialog​.​

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Avdeling for pasientreiser
Postboks 1400
5021 Bergen

Dersom noko skulle oppstå i forkant eller under reisa ønsker vi at du kontaktar oss så fort som mogleg på telefon ​05515 .

Les meir om rekvirerte pasientreiser på helsenorge.no

Serviceerklæring - Kva kan du forvente i møte med Pasientreiser?​

 

Sist oppdatert 13.02.2024