Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medisinsk-teknisk avdeling

Avdelinga tar hand om Helse Bergen sitt medisinsk-tekniske utstyr frå innkjøp til kassering. Dette gjeld utstyr som ultralydapparat, pasientovervaking, MR / CT / røntgen, respiratorar, kuvøser, hjertestartarar, laboratorieutstyr, mikroskop, operasjonsutstyr og utstyr for heimebehandling. Avdelinga er delt inn: Eining for behandlingshjelpemiddel Seksjon for analyse og diagnostikk Seksjon for fellestenester Seksjon for intensiv og operasjon Seksjon for radiologi Seksjon for utvikling og design I tillegg utfører avdelinga ei rekkje konstruksjons- og prototypeoppdrag for sjukehuset.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Hovudverkstad, 3. etasje i Verkstadsbygget bak Sentralblokka.

Seksjon for behandlingshjelpemiddel

Vi formidlar og låner ut medisinsk-teknisk utstyr til pasientar som får utstyr med heim etter opphald i sjukehus eller poliklinikk. Utstyret benyttes i forbindelse med medisinsk behandling som tilbys av spesialisthelsetjenesten og gjennomføres utenfor sykehus.
Seksjon for behandlingshjelpemiddel
Helsepersonell med medisinsk-teknisk utstyr

3D-printing

3D-printing er ein produksjonsmetode der ein lagar eit fysisk objekt basert på ei digital fil. Medisinsk-teknisk avdeling på Haukeland har brukt denne teknologien sidan 2015, og vi finn stadig nye bruksområde. Sidan 3D-printing er godt eigna for å lage kompliserte former og kan produsere i ein rekkje forskjellige materiale, er det nesten ingen grenser for kva bruk ein kan sjå for seg innan helse.
Les meir om 3D-printing i sjukehuset
3D-modell av underkjeve. Foto