Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Sykehusskolen
Barn og unge som er innlagt på sjukehus i meir enn ei veke, har rett på opplæring frå Sykehusskolen. Dette gjeld alle som har skoleplass i grunnskole og vidaregåande skole.
Det er Vestland fylkeskommune som har ansvar for opplæringstilbodet ved Sykehusskolen, som er ei avdeling av Nordahl Grieg videregående skole.
Timeplanen ved sjukehuset har som mål å gje eleven ein variert og kreativ skoledag med hovudvekt på praktiske og estetiske fag. Så langt det er råd, vil Sykehusskolen følgje heimeskolen sin framdriftsplan for dei ulike faga.
Lærarane tilpassar skolearbeidet til elevane si dagsform og plan for behandling. Barna kan få undervisning på sengeposten når dei treng å halde seg på sitt eige rom.
Det er avdelinga du er innlagt ved i sjukehuset som melder frå til Sykehusskolen om at du har behov for opplæring.
Du er velkommen til Sykehusskolen!
Kontaktinformasjon
Sykehusskolen ved Haukeland Universitetssjukehus held til i Glasblokkene i blokk 4, 3. etasje. Adressa er Haukelandsbakken 1.
Sykehusskolen er ei avdeling av Nordahl Grieg videregående skole, Vestland fylkeskommune.
Vi ønskjer å legge til rette for at elevar kan oppretthalde/heve kunnskapsnivået i fag, slik at det blir lettare å komme tilbake til den vanlege skolen etter sjukehusopphaldet. Vi ønskjer òg å bidra til at elevane i størst mogleg grad skal oppretthalde sjølvkjensle og motivasjon for vidare skolegang.
Vi gir opplæring innanfor dei fleste faga på grunnskolenivå, og fellesfaga på vidaregåande og i nokre programfag.
Det blir gitt spesialpedagogisk hjelp til barnehagebarn som har vedtak om dette ved innlegging.
Skolen er for elevar i grunnskole, vidaregåande skole og vaksne som har rett til opplæring.
Avdelinga/posten melder frå til skolen at du skal ha opplæring / spesialpedagogisk hjelp.
Du kan få tilbod om opplæring når du er klar for læring. Dersom du ikkje kan komme til skolen, blir det vurdert om læreren kan komme til deg på rommet ditt.
Vi kan kontakte heimeskolen og be om informasjon og planar, etter fullmakt fra føresette, for pasientar under 18 år.
Vi avtaler med deg og kontaktlæraren din kva du skal prioritere å jobbe med medan du er pasient. Lærarane og Sykehusskolen har teieplikt.
Dersom du mottar spesialundervisning ved heimeskolen, må Sykehusskolen få informasjon og gjerne kopi av viktige dokument.
Ta gjerne med eigne skolesaker, bøker og digitale læremiddel.
Det er avdelinga ved sjukehuset sitt ansvar å informere skolen om at barnet er på sjukehuset.
I følge Opplæringslova § 13-3 a er det: ”Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i helseinstitusjonar. Dette gjeld også opplæring spesielt organisert for vaksne , kap. 4a-4.”