Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Regionalt senter for kjønnsinkongruens

Regionalt senter for kjønnsinkongruens i Vest tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging for personar opp til 18 år som opplever kjønnsinkongruens.

Kjønnsinkongruens er ein tilstand der kjønnsidentiteten til ein person skil seg frå kjønnet ein er fødd med. Tilstanden kan oppstå i småbarnsalder, under eller etter puberteten og i vaksen alder. Nokon lever godt med tilstanden, eller opplever tilstrekkeleg nytte av tiltak som sosial transisjon eller å endre kjønnsuttrykket ved hjelp av hår, sminke eller hjelpemiddel. Andre har behov for å endre kroppen slik at han er meir i samsvar med opplevd kjønnsidentitet gjennom medisinsk behandling med hormon eller kirurgi.

Vi tilbyr samtalar til barn og unge og familiane deira, som har eit opplevd hjelpebehov i samband med kjønnsidentitet. Pasientar og pårørande er velkomne til å ta kontakt ved spørsmål rundt tilvising eller timeavtale.

  
Tilvising og vurdering

Fastlege, anna spesialisthelseteneste eller psykolog/barnevernsleiar i kommunen viser til Regionalt senter for kjønnsinkongruens vest.

  Tilvisinga skal innehalde opplysningar om:

  • Opplevd kjønnsidentitet
  • Varigheit av kjønnsinkongruens
  • Eventuell dysfori/ubehag
  • Livssituasjon – familie, skole, jobb
  • Beskriving av eventuelle helseplager; somatisk og psykisk (tidlegare og aktuelt)
    • Pubertetsstatus
  • Ønske og forventningar pasienten har til kontakt med RSKI
  • Namn på fastlege

Ved psykiske vanskar av moderat eller alvorleg grad, der psykisk helsevern ikkje allereie er inne i saka, skal det også sendast tilvising til lokal BUP.

Elektronisk tilvising blir send til Regionalt senter for kjønnsinkongruens eller til Helse Bergen via Norsk helsenett.

Dei tilsette på senteret er psykolog/koordinator, psykologspesialist og lege. Kva slags tilbod som blir gitt blir basert på ei individuell vurdering og ut frå ønska og behova til pasienten. Det kan vere individuelle- eller gruppesamtalar, nettverks- og familiesamtalar, utprøving og rekvisisjon av hjelpemiddel eller kurs.

Hormonell eller kirurgisk kjønnsbekreftande behandling blir tilboden ved Nasjonal behandlingsteneste for kjønnsinkongruens (NBTK) ved Oslo universitetssjukehus. Regionalt senter samarbeider med NBTK, og kan hjelpe til i prosessen med tilvising dit eller pasientar som er under utgreiing og behandling ved NBTK.

Regionalt kompetansenettverk

RSKI Vest driv eit regionalt kompetansenettverk om kjønnsinkongruens. I nettverket sit to representantar for kvart regionale helseføretak og tre brukarrepresentantar. Nettverket skal samarbeide med RSKI om regional fagutvikling og kompetanseheving.

Rettleiing og samarbeid

Senteret kan kontaktast for konsultasjon og rettleiing i saker. Du sender oss ein e-post med namn og telefonnummer på rski-vest@helse-bergen.no, og vi vil ta kontakt. Senteret samarbeider med Nasjonal behandlingsteneste for kjønnsinkongruens, brukar- og interesseorganisasjonar, frivillige organisasjonar og kommunehelsetenesta i regionen.  

Kontakt

Barne- og ungdomsklinikken

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Regionalt senter for kjønnsinkongruens
Postboks 1400, Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Ta kontakt med Hovudresepsjonen i Glasblokkene 5-8.