Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barne- og ungdomsklinikken, Medisin A

Avdelinga er ein døgnopen sengepost for barn og ungdom i alderen 0-18 år. Vi jobbar med utgreiing og behandling av barn med sjukdomstilstandar innan følgande fagfelt; endokrinologi og metabolisme, gastroenterologi og ernæring, nefrologi og reumatologi og nevrologi.

Kven er vi? 

Her arbeidar legar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, barnepleiarar og sekretærar. Under opphaldet vil barn og foreldre møte mange av våre tilsette, men vi prøver å sikre kontinuitet. Vi samarbeidar med andre faggrupper som fysioterapeut, psykolog, ernæringsfysiolog, sosionom og prestetenesta.   

Tilvising 

For å kome til oss, må de ha tilvising frå fastlege/spesialist, helsestasjonslege, eller lege ved anna sjukehus/helseinstitusjon. 

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Glasblokkene, blokk 7, 2. etasje