Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)

Foreldresamling (CFS/ME)

Informasjon og oppdatert kunnskap frå dei ulike faggruppene som jobbar med CFS/ME på HABU

Foreldre til barn og ungdom med CFS/ME som blir følgt opp ved HABU.

Kurset kan vera nyttig for både nydiagnostiserte og for dei som har hatt diagnosen ei stund.

Samlinga går over ein dag, og blir arrangert av ME-teamet ved HABU saman med Lærings- og meistringssenteret.

Tema som vil bli teke opp i løpet av samlinga er oppdatert kunnskap om CFS/ME og tiltak knytte til (til dømes) energiøkonomisering, aktivitetsavpassing, rettar, dialog og samarbeid med skule, psykososiale aspekt og familieliv når eit barn har ME og eigenomsorg for foreldre. Dei ulike faggruppene som jobbar med CFS/ME på HABU vil vera med heile dagen (lege, fysioterapeut, ergoterapeut, sosionom, pedagog og psykolog).

Dette er eit godt høve til å treffa andre foreldre i liknande situasjon. Me vil leggja opp til dialog mellom foreldre og fagpersonar og erfaringsutveksling over tema og problemstillingar som er særskilt for foreldre til barn og ungdom med CFS/ME.

Kurset er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år. Frå 16 år kan det vera ein eigenandel.

Eigenandelen inngår i oppteninga til frikort for helsetenestar og kurset vil vera kostnadsfritt med frikort. Sjå meir på Frikort (helsenorge.no).

Neste samling er 22.januar 2025, for meir info sjå her.

 
Tilbake til Kurs og grupper

Kurskalender for HABU

Sist oppdatert 05.12.2024