Informasjon til barn
Emla-krem
Mange barn på sjukehus vil i ein lengre eller kortare periode trenge ei perifer venekanyle ofte kalla veneflon. Den blir brukt til å gi intravenøs væske, smertestillande eller andre medisinar.
![Sykepleier og jente på trehjulsykkel. Foto](/4aa5fb/contentassets/247e43f4d8464a9abfaec242a859b481/emla1.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Informasjon til foreldre
Når barn skal til dagkirurgi får dei gjerne lagt inn ein venflon rett før operasjonen startar. Da er dei gjerne litt trøytte av medisinar dei har fått i forkant av operasjonen, og hugsar nødvendigvis ikkje så mykje av hendinga. Det viktigaste for dei er kanskje å ha sett ein venflon på førehand, sidan dei gjerne har ein i handa når dei vaknar.
På sjukehuset blir emla-krem nytta både før ein tar blodprøvar og før ein legg inn venflon, for at det ikkje skal gjere vondt. Det er viktig å motivere barna til å ha emla-kremen på når det blir anbefalt av helsepersonell.
Bildeserie om emla-krem
![Sykepleier viser plaster. Foto](/4aa5fb/contentassets/247e43f4d8464a9abfaec242a859b481/emla2.jpg?width=860&height=573.62&quality=80&format=webp)
Anette viser fram Emla-plaster som Angelica skal ha på hendene sine.
![sykepleier åpner plasteret. Foto](/4aa5fb/contentassets/247e43f4d8464a9abfaec242a859b481/emla2_b.jpg?width=860&height=573.62&quality=80&format=webp)
Anette fortel at emla-plasteret inneheld tryllekrem.
![Jenta viser fram hendene sine.Foto](/4aa5fc/contentassets/247e43f4d8464a9abfaec242a859b481/emla3.jpg?width=860&height=573.62&quality=80&format=webp)
Angelica skal ha eit emla-plaster på kvar hand.
![Et nærbilde av hender som holder en liten gullmynt](/4aa701/contentassets/247e43f4d8464a9abfaec242a859b481/emla_3b_beskjart.jpg?width=538&height=358.846&quality=80&format=webp)
Emla-plasteret gjer slik at Angelica ikkje kjenner noko når ho skal få venflon i handa.
![emla](/4aa5fc/contentassets/247e43f4d8464a9abfaec242a859b481/emla4.jpg?width=860&height=573.62&quality=80&format=webp)
Emla-plasteret må ligge på hendene i over ein time for at det skal ha verknad.
![feste plaster](/4aa5fc/contentassets/247e43f4d8464a9abfaec242a859b481/emla5.jpg?width=860&height=573.62&quality=80&format=webp)
Angelica passar på at emla-plasteret er godt festa på hendene.
![jenta sykler på trehjulsykkelen. Foto](/4aa5fc/contentassets/247e43f4d8464a9abfaec242a859b481/emla6.jpg?width=860&height=573.62&quality=80&format=webp)
Det går greitt å leike litt med plasteret på hendene.
![Barnehand med venflon og tape. Foto](/4aa5fc/contentassets/247e43f4d8464a9abfaec242a859b481/venflon-pa-hand_plaster.jpg?width=2000&height=1334&quality=80&format=webp)
Slik ser handa ut etter at emlaplasteret er tatt av og venflonen er festet med plaster.
Bildeserien er laga i samarbeid med Barnekirurgisk post.