Synstelefonen
Synstelefonen er eit samarbeid mellom Norges Blindeforbund, Augeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus, Roche Norge AS og Bayer AS og er eit lågterskeltilbod til heile den norske befolkninga. Synstelefonen er open frå 6.mars 2025.
Telefonnummeret er 55 97 80 80 og linja er åpen torsdagar kl 09:00-11:45 og kl 12:30-15:00
Synstelefonen er ei teneste der personar kan ringe inn med spørsmål om syn, augeplager eller synsrehabilitering, og få råd og anbefalingar.
Personar som har spørsmål på eigne vegne, men og pårørande og andre, kan bruke tilbodet.
Tips gjerne pasientar om denne moglegheita!
Synstelefonen er finansiert av Norges Blindeforbund sitt forskingsfond, Roche Norge AS og Bayer AS.
OBS! Når ein ringer Synstelefonen blir det registrert anonyme opplysningar for å betre tenesta. Ingen opplysningar kan knyttast til innringar.
Sist oppdatert 23.01.2025