Koordinerande eining i kommunen
Koordinerande eining i kommunen skal bidra til å sikre heilskaplege tilbod til pasientar og brukarar.
![strektegning.foto](/4aa736/contentassets/a8f2a366ba3743eca73108cd4105bd5b/nettverk-colourbox3023095.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Kvar kommune har ein synskontakt, som skal bistå personar med synsvanskar med vurdering av tilretteleggingsbehov og til dømes søknad om synshjelpemiddel eller andre tenester.
I tidlegare Hordaland fylke er dette organisert i ein interkommunal teneste: Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT) der synspedagoger utgreier og rettleier brukarar med synsvanskar.
Koordinerande eining skal ha oversikt over kven som er synskontakt i kommunen, og tilvise brukaren dit ved behov. Tilmelding til synskontakt gjerast ved å kontakte koordinerande eining.
Tilvising frå Augeavdelinga
Når augelege i sjukehuset tilviser ein person til synsrehabilitering, nyttast eige tilvisingsskjema for synsrehabilitering. Det går også melding til Koordinerande eining der ein ber om at pasienten settast i kontakt med synskontakt i bustadskommunen, for vidare vurdering og kartlegging av tilretteleggingsbehov i forbindelse med synsvanskar.
Koordinerande eining i kommunen sine ansvarsområde:
- Motta melding om mulig behov for habilitering og rehabilitering
- Ha oversikt over tilbod innan habilitering og rehabilitering
- Motta melding om behov for individuell plan (IP) og koordinator fra helsepersonell, både internt i kommunen og frå helseføretak
- Har overordna ansvar for individuell plan og koordinator, og samarbeider med spesialisthelsetenesta når brukare mottek tenester frå både kommune og sjukehus som krev koordinering