Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Auge poliklinikk

I Auge poliklinikk blir det utført ulike augemedisinske undersøkingar og behandlingar for pasientar i alle aldersgrupper. Pasientar kjem også for tilpassing og vedlikehald av augeprotesar, infusjonsbehandling, førebuingar til planlagt operasjon i narkose og vi har eit eige vaktteam for pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp.

Auge poliklinikk har dagleg 150-200 pasientar innom til timeavtale. Ein stor del av tilbodet er knytta til injeksjonsbehandling og kontroll av pasientar med aldersrelatert makula degenerasjon (AMD). 

Dei aller fleste polikliniske augepasientar får utført ulike forundersøkingar og målingar av auget i forkant av undersøkinga hos augelege. Det blir mellom anna målt synsstyrke (visus og autofraktor), augetrykk, synsfelt, foto av augets innside og det administrerast augedråper knytta til undersøkinga.

Ved dagpost i 3. etasje kjem alle pasientar til infusjonsbehandling og utgreiingssamtale i forkant av planlagt operasjon i narkose.

Ved behov for øyeblikkeleg hjelp har vi eit eige vaktteam som tek imot deg i 3. etasje på kvardagar fram til kl. 19.00. Pasientar blir tilvist hit frå legevakt, fastlege, optikar eller augelegar utanfor sjukehuset. Vaktteam er bemanna med lege, sjukepleiar og helsesekretær.

Ved Auge poliklinikk har vi tverrfagleg personale. I tillegg til sjukepleiarar, helsesekretærar og legar har vi også optikar, ortoptist og fotograf. Ortoptist undersøkjer vaksne og barn med skjele- og samsynsproblem, og driv også utgreiing av desse pasientane i forkant av kirurgi, i tett samarbeid med legar ved barneoftalmologisk seksjon.

Fotograf eller optikar tek bilete av alle deler av auget, og gjer også ein rekke fototekniske spesialutgreiingar i samband med førebuing, dokumentasjon og handsaming av pasientane.

Optikar har eit spesielt ansvar for tilpassing av ulike typar kontaktlinser.

 

Du treng tilvising frå augespesialist, anna avdeling, optikar eller andre legar for å få time til undersøking og behandling hos oss. Du får tilsendt brev om time, gitt etter gjeldende retningslinjer for ventetid og prioritering.

Ved oppmøte henvender du deg i ekspedisjonen. Du oppgir her fastlege og eventuelt frikort. Etter behandlinga vil betjeninga i ekspedisjonen gi deg eventuelt ny time, rekning for behandlinga og bestille drosje etter rekvisisjon frå lege, eventuelt til sjølkost. 

Venteareala på avdelinga er markert med ulike fargekodar. I 1. etasje raud og blå og i 2. etasje gul, grøn og svart. Du vil bli henta på tilvist venteareal. Vi gjer merksam på at fleire behandlarar nyttar same venteareal. Det er til tider mange pasientar og noe ventetid ved avdelinga. 

Pasientar må betale eigendel, etter gjeldande takstar og reglar for utgreiing og behandling. Du kan betale med bankkort i ekspedisjonen, eller få med deg giro.

Kontakt

Telefon

Opningstid ved poliklinikken: kl. 07.30 - 16.00

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Ved oppmøte henvender du deg i ekspedisjonen vår i 1. etasje i Augebygget.